Biblioteket i Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne inskripsjonen som gjeld Tiberius Claudius Balbilus i Roma, (død ca. 79 e.Kr.) nemner det aleksandrinske biblioteket på linje åtte.

Det kongelege biblioteket i Alexandria skal ha vore det største biblioteket i verda i antikken. Biblioteket var knytt til lærestaden Museion (Μουσεῖον), som var vigd dei ni musene,[1] og truleg var den største intellektuelle institusjonen i antikken.

Ein trur at biblioteket vart grunnlagt i byrjinga av 200-talet f.Kr. Det vart truleg øydelagt av Theodosius I kring år 391 e.Kr.

I 2003 vart det opna eit nytt bibliotek i Alexandria, Bibliotheca Alexandrina, teikna av det norske arkitektfirmaet Snøhetta. Det fungerer som ei moderne bibliotek og kulturhus til minne om det gamle biblioteket i Alexandria.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Murray, S. A., (2009). The library: An illustrated history. New York: Skyhorse Publishing, s. 17
  2. «About the BA – Bibliotheca Alexandrina». www.bibalex.org (på engelsk). Arkivert frå originalen 29. januar 2017. Henta 16. februar 2017. 
Spire Denne historieartikkelen som har med Egypt å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.