Bibliotek
Bibliotek (frå gresk βιβλιοθηΧη boklager, biblion, bok, og theke, lagringsrom) er ei samling bøker, handskrifter og anna referansemateriale (film, lyd, osb.).
Ein bruker bibliotek både for å bevara bøker og for å gje flest mogleg folk tilgang til dei. Moderne bibliotek har gjerne òg mange ulike aviser og datamaskinar med internettilgang som ein del av informasjonstilbodet til brukarane sine.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei tidlegaste biblioteka var tempelsamlingane i Memfis, biblioteka i Susa og biblioteket til assyrarkongen Assurbanipal.
Biblioteket i Alexandria var det mest kjende biblioteket i oldtida.
I mellomalderen voks det fram fleire klosterbibliotek, mellom anna i Cambridge og St. Gallen.
I Firenze oppstod det første «folkebiblioteket» i 1444.
I Noreg opna Deichmanske bibliotek dørene 12. januar 1785.
Bibliotekstypar
[endre | endre wikiteksten]I nyare tid kan ein skilje mellom følgjande typar bibliotek:
- Folkebibliotek
- Fagbibliotek, til dømes universitetsbibliotek og skolebibliotek
Eksempel på bibliotek
[endre | endre wikiteksten]- Asker bibliotek
- Bergen Offentlige Bibliotek
- Biblioteket i Alexandria
- Deichmanske bibliotek
- Kungliga biblioteket
- Det kongelige bibliotek
Bruk av bibliotek
[endre | endre wikiteksten]Mange potensielle bibliotekbrukarar veit ikkje korleis dei effektivt kan gjere bruk av ressursane biblioteket tilbyr. Dette har ført til stadig sterkare fokus på brukaropplæring. Sentralt her står omgrepet informasjonskompetanse.