Hopp til innhald

Bielsko-Biała

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bielsko-Biała
Bílsko-Bělá
by
Rådhuset i Bielsko-Biała.
Flagg
Våpenskjold
Land  Polen
Fylke Schlesiske voivodskap
Høgd 262–1 117 m
Areal 125 km²
Folketal 165 127 (30. juni 2024)[1]
Byrettar 1312 Bielsko
1723 Biała
Postnummer 43-300 til 43-382
Retningsnummer +48 033
Bilnummer SB
Kart
Bielsko-Biała
49°49′21″N 19°02′40″E / 49.8225°N 19.044444444444°E / 49.8225; 19.044444444444
Wikimedia Commons: Bielsko-Biała

Bielsko-Biała (tysk Bielitz-Biala; tsjekkisk Bílsko-Bělá) er ein by sør i Polen med om lag 175 000 innbyggjarar.

Bielsko-Biała består av to tidlegare byar på kvar side av elva Biała, Bielsko og Biała, som vart slått saman i 1951. Han ligg i Schlesiske voivodskap (sidan 1999) og var tidlegare hovudstad i Bielsko-Biała voivodskap (1975–1998).

Det noverande sentrumet i byen vart truleg utvikla på første halvdel av 1200-talet. På denne tida vart det bygd ei borg på ein ås. Borga står framleis i dag.

På andre halvdel av 1200-talet inviterte Piast-hertugar av Opole (Oppeln) tyske nybyggjarar til landområdet mellom Schlesien og Vesle-Polen for å kolonisere Dei schlesiske Beskidane. Nærliggande busetnader vest for Biała var Nikelsdorf, Kamitz, Alt-Bielitz (i dag Stare Bielsko), Batzdorf og Kurzwald. Nærliggande busetnader aust for elva var Kunzendorf, Alzen og Wilmesau. I fjella like ved låg Lobnitz og Bistrai.

Etter delinga av Hertugdømet Oppeln i 1281 gjekk Bielsko til hertugane av Cieszyn (Teschen). Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1312 då ein hertug av Cieszyn gav han byrettar. Frå 1457 var Biała grensa mellom Schlesien (i Det tysk-romerske riket) og Vesle-Polen. Byen Biała vart grunnlagd på motsett side av Biała i 1723.

Under den første delinga av Polen i 1772 vart Biała annektert av Habsburgmonarkiet til Austerrike, inkludert Galicia. I 1918 vart begge byane ein del av Den andre polske republikken, sjølv om størstedelen av innbyggjarane var tyskarar. Under den andre verdskrigen vart byen annektert av Nazi-Tyskland og den jødiske folkesetnaden vart send til Auschwitz konsentrasjonsleir. Etter den raude arméen frigjorde byen i 1945 vart den tyske folkesetnaden drive bort.

Byen Bielsko-Biała vart oppretta 1. januar 1951 då dei to byane Bielsko og Biała vart slått saman.

  1. Feil: Klarte ikkje visa kjelda frå Wikidata rett. Tekniske detaljar:
    • Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen P2701, som ikkje er knytt til nokon parameter i denne malen.
    • Grunnen til at {{Kjelde på Wikidata}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen P854, som ikkje er knytt til nokon parameter i denne malen.
    Sjå dokumentasjonen på engelsk Wikipedia for fleire detaljar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bielsko-Biała