Bijeljina
Bijeljina | |||||
---|---|---|---|---|---|
Andre namn | Бијељина | ||||
![]() | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Føderal eining |
Bosnia-Hercegovina Den bosniske serbarrepublikken | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 733,85 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Kommune (2013) - Byområde |
107 715 42 278 | ||||
Koordinatar | 44°45′24″N 19°12′56″E / 44.75667°N 19.21556°E | ||||
Høgd over havet | 90 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | ||||
Diverse anna | |||||
Telefon-retningsnummer | +387 55 | ||||
Heimeside: www.opstinabijeljina.com | |||||
Plassering | |||||

Bijeljina (kyrillisk Бијељина) er ein by[2] og ein kommune i nordaustlege delar av Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska), den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[3]
Byen ligg på den flate og grøderike sletta Semberija, berre 6 km frå grensa til Serbia.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart første gong nemnd i dokument etter presten Dukljanin, der han nevnar at grev Bele-Pavlimir vann over ungararar i «dalen Belina». Bijeljina vert òg nemnd 3. mars 1446, då ein handelsmann frå Dubrovnik vart røva her.
Bijeljina har i dei siste 500 åra skifta ut heile folkesetnanden. Første gong var då tyrkarane kom i 1520 og andre gong då austerrikarane kom i 1716.
Den eldste bygningen i byen stammar frå tida omkring 1548, og er eit serbisk kloster kalla Tavna.
Serbarane frå dette området støtta oppstanden leia av Karadjordjević, men dei mislykkast, og dei lei store nederlag i forsøk på å frigje fanga serbarar frå tyrkarane i tida 1875–1878.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]
Folketal 1991 | Folketal 2013 | |
---|---|---|
Bijeljina | 36 414 | 42 278 |
Janja | 10 458 | 11 710 |
Dvorovi | 1 587 | 4 873 |
Velika Obarska | 3 549 | 3 942 |
Patkovača | 646 | 2 619 |
Batković | 3 118 | 2 566 |
Pučile | 769 | 2 126 |
Crnjelovo Donje | 2 963 | 2 078 |
Kommunen Bijeljina | 96 988 | 107 715 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bijeljina» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2007.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Konačni rezultati - Popis 2013». Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine. 2013. Henta 25. desember 2024.
- ↑ Žunić, Nihad (19. juli 2024). «Koliko je teško dobiti status grada u BiH i šta to konkretno znači». Klix.ba (på kroatisk). Henta 26. desember 2024.
- ↑ «The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina» (PDF). OSSE. 14. desember 1995. Henta 23. november 2024.