Dubrovnik
Dubrovnik | |||
---|---|---|---|
Andre namn | Ragusa | ||
![]() | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Fylke |
Kroatia Dubrovnik-Neretva | ||
Grunnlagd | 639 | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 142,6, 12,1 km² | ||
Flatevidd - Bykommune |
143,35 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Bykommune (2021) - Byområde |
41 562 26 922 | ||
Koordinatar | 42°39′13″N 18°05′41″E / 42.65361°N 18.09472°E | ||
Høgd over havet | 0 m | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: http://www.dubrovnik.hr/ |
Dubrovnik (tidlegare kalla Ragusa) er ein gamal by på kysten av Adriahavet i Dalmatia i Kroatia. Byen er ein bykommune og administrativt sentrum for fylket Dubrovnik-Neretva[2][3]
Dubrovnik vart grunnlagd i 639, og trekkjer i dag til seg mykje turisme. Byen vert ofte kalla Adriahavets perle. Den gamle delen av byen er ført opp på UNESCO si verdsarvliste.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Byen vart grunnlagd av folk som flykta frå avarane. Etter at avarane øydela den greske kolonien Epidauros, flytta innbyggjarane seg nordover og slo seg ned i området som vart Dubrovnik. Byen vart allereie i 896 underlagt Austromarriket og vart ein svært viktig handelsby med ein flåte på over 300 fartøy.
I mellomalderen var byen ein rival til Venezia, som den einaste frie bystaten i det austlege Adriahavet. På 1400- og 1500-talet fekk byen eit merkverdig nivå, takka vere sin velstand og diplomatiske evner.
Seinare kom byen under osmansk herredøme, og frå 1815 underlagt Keisardømet Austerrike og seinare Austerrike-Ungarn. Etter 1918 vart byen ein del av Kongeriket Jugoslavia då det vart oppretta.
Dubrovnik har vore sentral i utviklinga av det kroatiske språket. Han var heimstad for mange viktige poetar, forfattarar, matematikarar, fysikarar og andre forskarar.
Dubrovnik er rekna som ein av dei vakraste og best bevarte byane i Middelhavsområdet, men vart utsett for eit kraftig bombardement under krigen i det tidlegare Jugoslavia i 1991, som skada store delar av Gamlebyen, trass i at denne var heilt utan militær verdi. Gamlebyen er i ettertid rehabilitert.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001[4] | Folketal 2011[5] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|
Dubrovnik | 30 436 | 28 434 | 26 922 |
Nova Mokošica | 6 041 | 6 016 | 5 682 |
Mokošica | 1 487 | 1 924 | 2 193 |
Zaton | 858 | 985 | 1 024 |
Orašac | 546 | 631 | 742 |
Kommunen Dubrovnik | 43 770 | 42 615 | 41 562 |
Folketalet i 2021 på dei busette øyane i kommunen:[1]
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Busetnadene Šipanska Luka (254) og Suđurađ (222)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.