Bikiniatollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Satellittbilde av Bikiniatollen
Flagget til Bikiniatollen, med tekst som betyr «Alt er i Guds hender».

Bikiniatollen (marshallesisk Pikinni, 'kokosnøttstaden')[1] er ein atoll, ei samling koralløyar, i Marshalløyane i Stillehavet. Atollen er best kjend for atomprøvesprengingane som blei utført der av USA frå 1946 til 1958. Testane gjorde at bikinibuarane måtte slå seg ned andre stader, sjølv om det er mogleg at dei kan dra tilbake ein gong i framtida. I 2010 blei prøvesprengingsstaden teken med på UNESCO si verdsarvliste.[2] Klesplagget bikini er også kalla opp etter atollen på grunn av prøvesprengingane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bikiniatollen ligg nord i Ralik-kjeda, rundt ca. 850 km nordvest for hovudøya i Marshalløyane, Majuro. Atollen omfattar 23 øyar rundt ein lagune, og dekkjer rundt 8 km². Dei største øyane er Bikini, Eneu, Nam og Enidrik.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Cross Spikes Club måla av Arthur Beaumont i den amerikanske marinen i 1946.

Bikiniatollen kom under styret til den amerikanske marinen i 1944. Bikinibuarane blei evakuerte frå øyane i 1946, før USA byrja atomprøvespreningar. Atollen blei opna for tilbakeflytting i tidleg på 1970-talet, men stråleskader førte til at dei måtte evakuerast på nytt. Dei fleste av dei opphavlege bikinibuarane (ca. 2700) lever no på Majuro og Kili lengre sør i øygruppa, i tillegg til at ein del har utvandra til mellom anna USA. Det er i dag ikkje farleg for folk å vera på Bikini, og det går an å vitja staden. På grunn av radioaktive stoff i jorda kan ein likevel framleis ikkje eta noko som veks der.[2] Det er etablert noko turistverksemd på atollen, særleg knytt til vrakdykking. Ved årsskiftet 2000/2001 hadde atollen 167 innbyggjarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marshallese-English Dictionary – Place Name Index
  2. 2,0 2,1 BIKINI ATOLL INSCRIBED ON WORLD HERITAGE LIST, wordpress.com (July 31, 2010)
  • Bikini (2009, 14. februar) i Store norske leksikon. Henta 19. oktober 2013.