Marshalløyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Aolepān Aorōkin M̧ajeļ
Republic of the Marshall Islands

(norsk: Marshalløyane, marshallesisk)

Det marshallesiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Forever Marshall Islands»
Geografisk plassering av Marshalløyane
Offisielle språk Engelsk, marshallesisk
Hovudstad Majuro
Styresett
Republikk
Christopher Loeak
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
181 km² (192.)
nær 0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
68 480 (190.)
378,3 /km² (20.)
Sjølvstende
frå USA
21. oktober 1986
Nasjonaldag 1. mai
BNP
 – Totalt (2009)
 – Per innbyggjar
 
134 mill. USD (193.)
2 500 USD (148.)
Valuta Amerikansk dollar
Tidssone UTC +12
Telefonkode +692
Toppnivådomene .mh


Marshalløyane, offisielt Republikken Marshalløyane, er ein øystat i Stillehavet, nord for Nauru og Kiribati, aust for Mikronesiaføderasjonen og sør for Wake Island.

Landet er samansett av 29 atollar og 5 isolerte øyar. Dei viktigaste atollane og øyane dannar to grupper: Ratak-kjeda og Ralik-kjeda, som betyr soloppgang- og solnedgangkjedene. To tredelar av innbyggjarane i landet bur på øyane Majuro, som òg er hovudstaden, og Ebeye. Dei ytre øyane er tynt busett på grunn av få høve til sysselsetjing og økonomisk utvikling.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Marshalløyane blei folkesett av mikronesarar på 1000-talet f.Kr. Dei blei først «oppdaga» av europearar i 1526, då den spanske kapteinen Alonso de Salazar såg ei øy ved 14°N (truleg Taongi). Den britiske kapteinen John Marshall, som gav namn til øygruppa, kom hit i 1788 saman med Thomas Gilbert. Spania gjorde krav på øyane som del av Spansk Austindia, og dette kravet blei anerkjend av dei andre europeisk kolonimaktene i 1874. I 1884 selde landet øyane til Tyskland. I 1906 blei dei ein del av Tysk Ny-Guinea.[1]

Under første verdskrigen blei fleire øyar okkuperte av Japan. I desember 1920 fekk Japan eit forvaltingsmanda — det japanske stillehavsmandatet — jer av Folkeforbundet etter Versaillestraktaten i 1919. Under andre verdskrigen blei øygruppa brukt som militærbase av Japan frem til USA erobra området våren 1944. Deretter kom øygruppa under amerikansk kontroll.

I 1947 blei Marshalløyane, saman med Karolinane, utnemnd til Trust Territory of the Pacific Islands av SN, og blei forvalta av USA. Frå 1946 til 1958 utførte USA 67 atomprøvesprengingarPacific Proving Grounds, hovudsakleg på Bikiniatollen i Marshalløyane.

Den autonome republikken Marshalløyene blei danna med lokalt sjølvstyre i 1970. Marshalløyane blei ein heilt sjølvstendig republikk i 1986.[1]

Kart over Marshalløyane

Klima[endre | endre wikiteksten]

Marshalløyane har tropisk klima med årlege middeltemperaturar omkring 27 °C. Årsnedbøren varierer frå 500 mm i nord til kring 4000 mm i sør. Dei flate øyane er særleg utsette for tropiske syklonar, som både kjem oftare og med auka styrke gjennom 1990-åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marshalløyane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Marshall Islands (engelsk).
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.