Bilateria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bilaterale dyr
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Klade: Bilaterale dyr Bilateria
Hatschek, 1888

Bilateria eller tosidig symmetriske dyr er dyr som er symmetriske rundt ein midtakse. Kroppen deira har ein klar fram- og bakende og ei over- og underside. Høgre og venstre side av kroppen dannar spegelbilde av kvarande, sjølv om desse ikkje nødvendigvis er heilt fullstendige, til dømes i høve til indre organ.

Dei fleste ekte fleircella dyr høyrer til gruppa Bilateria, med berre Radiata utanfor.[1] Gruppa blir delt inn i to hovudgreiner; Protostomia, som omfattar dei fleste virvellause dyr, og Deuterostomia, som mellom anna omfattar pigghudar og ryggstrengdyr.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hågvar, Eline B. (1944-) (1998). Det zoologiske mangfoldet: dyregruppenes systematikk, bygning og levevis. Universitetsforl. s. 70. 
  2. «Radiærsymmetriske dyr», Store norske leksikon, 1. desember 2014 ; «Bilateral: zoologi», Store norske leksikon, 6. desember 2014 
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.