Hopp til innhald

Bilbrev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bilbrev er eit heimelsdokument i form av eit byggjesertifikat som stadfestar at eit fartøy skal byggjast av verftet til eigaren. Slike dokument var i vanleg bruk på 1600- og 1700-talet for å dokumentera panterett i eit skip som var under bygging. Bilbrevet vart utskrive til ein person som hadde bidrege med pengar til bygginga av skipet. Føremålet var å gje tryggleik for investeringa. I seinare tid vert bilbrev brukt om ein attest – skipsbyggingsattest – utskriven på tru og ære av skipsbyggmeisteren. Etymologisk kjem ordet frå lågtysk bielbref

I bilbrevet finn ein namn på verftet, byggjenummer og namnet til kjøparen. Det skal òg innehalde opplysningar om fartøyet, som namn, kjennemerke, byggeår, storleik, byggjemateriale og framdriftsmiddel.[1]

Frå 1860 vart bilbrev utskrivne av magistrat eller sorenskrivar. Frå 1901 hadde notarius publicus denne oppgåva.

Bergen Byarkiv tek vare på skipsbyggingsattestar. Attestane finn ein i arkivet etter Magistraten. Materialen dekker tidsrommet 1749–1902.

  1. Skjema bilbrev, Sjøfartsdirektoratet (PDF), henta 4. november 2021 
  • Kiil, Alf: Arkivkunnskap. Statsarkiva. Universitetsforlaget 1969

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]