Billy Goldenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billy Goldenberg
Fødd10. februar 1936
FødestadBrooklyn
Død3. august 2020 (84 år)
DødsstadNew York by
FødenamnWilliam Leon Goldenberg
OpphavUSA
Aktiv1968–2017
Verka somkomponist, filmmusikkomponist, låtskrivar

William Leon «Billy» Goldenberg (fødd 10. februar 1936 i Brooklyn i New York City) er ein USA-amerikansk komponist, mest kjend for arbeidet med film og fjernsyn.

Dei mest kjende samarbeida hans var mellom anna med Steven Spielberg og fjernsynsfilmane hans (særleg Night Gallery i 1969 og Duel i 1971) og dei sju episodane han bidrog med i NBC Mystery Movie-serien Columbo. Han komponerte kjenningsmelodien til fleire TV-seriar, som Kojak, Alias Smith and Jones, Rhoda og Our House. Han komponerte òg filmmusikken til mange filmar og TV-filmar, som Fear No Evil (1969), The Grasshopper (1970), Red Sky at Morning (1971), Up the Sandbox (1972), The Last of Sheila (1973), Don't Be Afraid of the Dark (1973), Busting (1974), Reflections of Murder (1974), The Legend of Lizzie Borden (1975), One of My Wives Is Missing (1976), The Lindbergh Kidnapping Case (1976), Helter Skelter (1976), The Domino Principle (1977), Mary Jane Harper Cried Last Night (1977), The Cracker Factory (1979), Scavenger Hunt (1979), This House Possessed (1981), The Best Little Girl in the World (1981), Reuben, Reuben (1983), Good to Go (1986), 18 Again! (1988) og mange andre.

Goldenberg var musikalsk leiar for Elvis Presley's Comeback Special, The Ann-Margret Show, An Evening with Diana Ross og andre.

Han fekk Emmy-prisen i 1975 for CBS-miniserien Benjamin Franklin og igjen i 1978 for miniserien King. Han har vore nominert til Emmy-prisen 22 gonger.

Songane hans er blitt spelte inn av mellom andre Barbra Streisand, Liza Minnelli, Diana Ross, Bea Arthur og Dorothy Loudon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]