Billy Idol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billy Idol

Idol på scenen i 2012
Fødd30. november 1955 (68 år)
FødestadStanmore i Storbritannia
FødenamnWilliam Michael Albert Broad
AliasBilly Idol
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1973
Sjanger
Instrument
  • vokal, gitar
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • låtskrivar
  • musikar
  • skodespelar
Sambuar medChina Chow, Perri Lister

William Michael Albert Broad (fødd 30. november 1955), profesjonelt kjend som Billy Idol, er ein engelsk musikar, songar, låtskrivar, og skodespelar som har både britisk og amerikansk statsborgarskap.[1] Han vart først kjend i 1970-åra i punkrockmiljøet i London då han var frontmann i bandet Generation X. Sidan la han ut på ein solokarriere som førte til at han vart internasjonalt kjend og gjorde Idol til ein leiande artist under «den andre britiske bølgja» i USA, som var driven av MTV. Namnet «Billy Idol» var inspirert av læraren hans som skildra han som «idle» (uverksam, inaktiv).[2]

Idol byrja karrieren sin seint i 1976 som gitarist i punkrockbandet Chelsea, men han slutta etter kort tid i gruppa. Med den tidlegare bandkollegaen Tony James, skipa Idol så Generation X. Med Idol som frontmann fekk bandet suksess i Storbritannia og gav ut tre album på Chrysalis Records, før dei vart oppløyst. I 1981 flytta Idol til New York City for å satse på ein solokarriere i samarbeid med gitaristen Steve Stevens. Debutalbumet hans som soloartist, Billy Idol (1982), vart ein kommersiell suksess. Med musikkvideoar for singlane «Dancing with Myself» og «White Wedding» vart Idol fast å sjå på det nyetablerte MTV.

Det andre albumet hans, Rebel Yell (1983), selde godt med hitsinglane «Rebel Yell» og «Eyes Without a Face». Albumet selde til dobbel platinaplate for to millionar selde eksemplar i USA. I 1986 gav han ut Whiplash Smile. Etter å ha fått tre topp 10-singlar i Storbritannia («Rebel Yell», «White Wedding» og «Mony Mony») gav Idol ut eit samlealbum i 1988 kalla Idol Songs: 11 of the Best. Dette albumet selde til platina i Storbritannia. Idol gav så ut Charmed Life (1990) og konseptalbumet Cyberpunk (1993).

Idol brukte andre halvdelen av 1990-åra på privatlivet sitt. Han gjorde eit musikalsk comeback med Devil's Playground (2005) og igjen med Kings & Queens of the Underground (2014).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AM, Scott McDonald On 11/16/18 at 1:50 (16. november 2018). «British rocker Billy Idol took his oath to become a United States Citizen, making it a nice day to, get sworn in». Newsweek (på engelsk). Henta 13. juli 2021. 
  2. «Radio with Pictures». Television New Zealand alternative music show interview with Karyn Hay (cue to 04:30s), broadcast April 1984. Henta 25. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Billy Idol
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Billy Idol