Biokjemisk oksygenforbruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

BOF eller biokjemisk oksygenforbruk) er ein laboratorisk metode for å måle biologisk oksygenforbruk i spillvatn. Prøvene heiter anten BOF7, eller BOF5. Dette tyder at ein måler oksygenforbruket i periodar på anten sju døgn (BOF7) eller fem døgn (BOF5). Alle avløpsanlegg har eit krav frå fylkesmannen med ein maksverdi på BOF-prøvane.

Eit avløpsanlegg med spillvatn frå eit slakteri eller ein matproduksjon har eit langt høgare BOF-resultat enn avløpsanlegg med einebustader tilknytt. BOF-resultata blir nytta blant anna òg til utrekning av mengder personekvivalent (pe).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]