Oksygen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
8 NitrogenOksygenFluor


O

S
Oksygen i periodesystemet
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Oksygen, O, 8
Kjemisk serie Ikkje-metall
Gruppe, periode, blokk 16, 2, p
Tettleik, hardleik 1,429 kg/m3, n.a. (ikkje SI)
Utsjånad Fargelaus
Oksygen
Atomeigenskapar
Atommasse 15,9994 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 60 (48) pm
Kovalent radius 73 pm
Ioneradius 140 pm (ladning: −2)
van der Waals radius 152 pm
Elektronkonfigurasjon [He]2s22p4
Elektron per energinivå 2, 6
Oksidasjonstrinn (oksid) −2, −1 (nøytralt)
Krystallstruktur Kubisk
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Gass
Smeltepunkt 50,35 K (−222,8°C)
Kokepunkt 90,18 K (−182,97°C)
Molart volum 11200 cm3/mol
Fordampingsvarme 3,4099 kJ/mol
Smeltevarme 0,22259 kJ/mol
Damptrykk (?) Pa ved  K
Ljodfart 317,5 m/s ved 25 °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 3,44 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 920 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet (?) MS/m
Termisk konduktivitet 0,02674 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 1320 kJ/mol
3395 kJ/mol
5307 kJ/mol
7476 kJ/mol
10996 kJ/mol
13333 kJ/mol
71343 kJ/mol
84086 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
15O (kunstig) 122 s β+ 2,754 15N
16O 99,762% (stabil)
17O 0,038% (stabil)
18O 0,2% (stabil)
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerka

Oksygen, eldre òg surstoff eller nøre, er eit grunnstoff med kjemisk symbol O og atomnummer 8. Det høyrer til ikkje-metalla, og ligg i gruppe 16 i det periodiske systemet. Grunnstoffet har to allotrope former, oksygengass (O2) og ozon (O3). Oksygenmolekylet er vanlegvis paramagnetisk, men diamagnetisk former finst.

Særlege kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Oksygen er elektronegativt. Som dioksygen, O2, er oksygen ein fargelaus, luktfri gass. I væskeform er stoffet svakt blåfarga. Molekylet er ikkje polart. Oksygengass er lite løyseleg i vatn.

Ozon er ein termodynamisk ustabil diamagnetisk gass med sterk lukt.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oksygen vart oppdaga på 1700-talet. Joseph Priestley, Carl Wilhelm Scheele og Antoine Lavoisier var med på dette.

Biologisk rolle[endre | endre wikiteksten]

Oksygengass vert danna under fotosyntesen, og er viktig for dyr og menneske.

Førekomst og framstilling[endre | endre wikiteksten]

Oksygen er det vanlegaste grunnstoffa på jorda. Jordatmosfæren inneheld om lag 21 % oksygengass og nesten halvparten av alle atom i jordskorpa er oksygenatom. I jordskorpa finst grunnstoffet særleg som SiO2. I tillegg finst store mengder bundne i vatn (H2O). Mange syrer og basar inneheld oksygen.

Oksygen vert vanlegvis framstilt ved fraksjonell destillering av luft. I laboratoriet er det mogleg å framstilla gassen på fleire måtar.

Kjemi og sambindingar[endre | endre wikiteksten]

Sidan oksygenatomet er lite og dannar sterke dobbeltbindingar, får det ikkje meir enn fire kovalente bindingar.

Nesten alle grunnstoff reagerer med O2-molekylet anten ved romtemperatur eller ved oppvarming. Det er derfor ein viktig reagens.

Oksygen er med i mange sambindingar, både organiske og uorganiske. Alkoholar, aldehyd og karboksylsyrer er eksempel på organiske sambindingar. Elles er oksygen mellom anna med i oksid (til dømes karbondioksid (CO2), Hydrogenperoksid (H2O2) og vatn (H2O).

Oksid kan vera sure, basiske eller amfotære avhengig av kva andre grunnstoff dei inneheld.

Isotopar[endre | endre wikiteksten]

Tryggleik[endre | endre wikiteksten]

Ozon er giftig.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oksygen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]