Biopsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biopsi av eit hovud

Biopsi er ein medisinsk test der ein kirurg, intervensjonsradiolog eller intervensjonskardiolog tar celle- eller vevsprøve for vidare utgreiing. Det er den medisinske fjerninga av vev frå eit levande vesen for å avgjere nærveret eller omfanget av ein sjukdom.[1] Vevet blir eksaminert under mikroskop av ein patolog.[2]

Når ein heil klump eller eit mistenkjeleg område vert fjerna, kallar ein prosedyren for ein eksisjonsbiopsi. Når det berre er ei vevsprøve som vert fjerna, insisjonsbiopsi, fører det til at cella sin histologiske arkitektur vert preservert. Når ei væske- eller vevsprøve vert tatt med nål, nålebiopsi, fjernar det mange av cellene utan å preservere arktitekturen til vevscellene. Biopsiar vert nytta for å få innsikt i moglege kreft- eller inflammasjonstilstandar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Borghild, Roald (13. februar 2009). «Biopsi». Store Medisinske Leksikon (Store Norske Leksikon). Henta 21. november 2014. 
  2. «Biopsi (vevsprøve)». CarciNor (CarciNor). Arkivert frå originalen 29. november 2014. Henta 21. november 2014. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.