Patologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Patologi (frå gresk pathos som tyder liding og logos som tyder lære) er ei medisinsk vitskapsgrein som tek føre seg tilstanden til levande skapningar under sjukdom eller skade. «Patologisk» er eit adjektiv som gjerne vert nytta som eit meir generelt omgrep på sjukelege tilstandar. Substantivet patologi blir ofte òg bruka i tydinga «sjukdomstilstand», men dette vert av mange rekna som mindre god språkbruk.

Patologisk undersøking inneber testing av prøver i eit medisinsk laboratorium og diagnostiserer helseproblem frå deira bevis. Eit laboratorium vil granska materialet, t. d. kroppsvesker (blod, spytt, sveitte, sæd, urin) eller lokale prøver (biopsiar) og resultatet kan då visa evt. patologi i tydinga sjukeleg tilstand. Ein heil lekam eller delar av denne kan også undersøkjast av patolog ved obduksjon. Patologar er ekspertar i å tolke testresultata og fysiske bevis.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]