Bislag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jærhus med bislag på Hå gamle prestegard
Foto: Helge Høifødt

Bislag, òg kalla sval eller skott, er eit utbygg ved inngangsdørene på bustadhus.[1] Funksjonen er dels å skjerma ytterdørene og dempa trekk frå dørene, og dels å vera eit våtrom for å hengja av seg yttertøy og regntøy.[2][3]

I andre bygningsrettleiingar og -skildringar vert bislag brukt om eit gangrom inne i bygningskroppen, i tilknyting til kjøkeninngangen, men dette varierer.[4][5][6][7][8]

Bislaget ved inngangsdøra var eit karakteristisk trekk ved treroms akershusstove.[9] På Jæren var bislag vanleg på bustadhus på landbygda, men ikkje i bynære strøk.[10] Nokre stadar vert bislag brukt om trappeavsatsen under ein svalgang.[11] Frå Østerdalen er det kjend bislaget med eit innebygt rom over, kalla barfrø.[12]

Ved gjenreisninga av Troms og Finnmark i 1945 vart det stilt krav om at alle hus skulle ha bislag, vindfang og gong, som altså vart oppfatta som tre ulike rom/funksjonar.[13]

Ordet bislag kjem frå det tyske bislach - «det som er slått fast til noko anna».[14] Bislag heiter på svensk ein farstukvist.[15][16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Torp, Alf (1853-1916) (1992). Nynorsk etymologisk ordbok. Oslo: Bjørn Ringstrøms antikvariat. s. 612, 629. ISBN 8290520174. 
  2. Byborgerens hus i Norge: fra middelalderen til idag. Oslo: Dreyer. 1963. s. 36, 111. 
  3. Normalplaner til bygninger for folkeskolen på landet. Kristiania: Aschehoug. 1921. 
  4. Lindstrøm, Johan (1945). Hus på bygdene. [Bergen]: J. W. Eides forlag. s. 9. 
  5. Cappelens boligbok: hytter, hus og hager : utvalgte hustyper og planløsninger av norske arkitekter. Oslo: Cappelen. 1942. 
  6. Christensen, Arne Lie (1995). Den norske byggeskikken: hus og bolig på landsbygda fra middelalder til vår egen tid. Oslo: Pax. s. 217, 246. ISBN 8253017359. 
  7. Jahn, Gunnar (1925). Byggeskikker på den norske landsbygd. Oslo: Aschehoug. 
  8. Johannessen, Tom (1996). Trehusbygging: ei lærebok i tømrarfaget. Oslo: Yrkesopplæring. s. 15. ISBN 8258511181. 
  9. Hoffmann, Marta (1913-2001) (1977). Jærhuset. Oslo: Norsk folkemuseum. s. 80-81. ISBN 8271650092. 
  10. Egner, Thorbjørn (1912-1990) (1943). Gamle hus i Vågå. [Oslo]: Halvorsens bokhandel. s. 20. 
  11. Nicolaysen, N. (1982). Kunst og Haandverk fra Norges Fortid. Oslo: Distributør: Tex-Publishers. s. 14. 
  12. Hage, Ingebjørg (1945-) (1996). Som fugl føniks av asken?: gjenreisingshus i Nord-Troms og Finnmark. Tromsø: Universitetet i Tromsø, Institutt for samfunnsvitenskap. s. 126. 
  13. bislag; Bokmålsordboka
  14. Malmström, Sten (1968). Nordmann i Sverige: et språklig hjelpemiddel. Oslo: Gyldendal ; Foreningen Norden. s. 13. 
  15. bislag, Nationalencyklopedin