Bitcoin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bitcoin sin logo

Bitcoin (av «bit» og engelske «coin», 'mynt') er ein digital valuta og programvare knytt til generering og bruk av valutaen. Bitcoin er ein kryptovaluta, ei form for krypterte elektroniske kontantar.

Valutaen er ikkje knytt til ei sentralbank. Transaksjonar blir kontrollerte gjennom nettverksnodar ved hjelp av kryptografi og oppteikna i ein såkalla distributed ledger kalla ei blokkjede. Bitcoin blei funne opp av ein ukjend person eller ei gruppe som brukte namnet Satoshi Nakamoto[1] og gjeven ut som open kjeldekode-programvare i 2009.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. S., L. (2. november 2015). «Who is Satoshi Nakamoto?». The Economist (The Economist Newspaper Limited). Arkivert frå originalen den 21. august 2016. Henta 23. september 2016. 
  2. Davis, Joshua (10. oktober 2011). «The Crypto-Currency: Bitcoin and its mysterious inventor». The New Yorker. Arkivert frå originalen den 1. november 2014. Henta 31. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]