Kryptografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tatjana van Vark si enigma-inspirerte rotorbaserte krypteringsmaskin

Kryptografi (eller kryptologi; frå Gresk κρυπτός, kryptos, "gøymt, hemmeleg"; og γράφειν, gráphin, "skriving", eller -λογία, -logia, , "studere") er praktisering og studering av lingvistiske og matematiske teknikkar for å sikre informasjon mot innsyn eller modifikasjon, oftast i samband med kommunikasjon. Moderne kryptografi bygger på matematikk og informasjonsteori.

Ei historisk viktig side av kryptografi er kryptering, som vil seie å freiste å gjere ei melding uleseleg for andre enn dei ho er tiltenkt. Typisk bruk er kryptering av kommunikasjon mellom ein nettbank og maskina til ein kunde som loggar seg inn, overføring av sensitiv informasjon mellom statlege organ, som til dømes mellom eit utanriksdepartement og ein ambassade. Moderne kryptografi omfattar også teknikkar for å kunne verifisere at ei melding ikkje har vorte endra sidan ho vart send, eller at ho har vorte send av ein autorisert sendar; dette vert mellom anna brukt i system som elektronisk signatur og digitale pengar.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.