Bjarne H. Henriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne H. Henriksen
Fødd15. august 1904
Arendal
Død6. februar 1995 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Bjarne Henry Henriksen (15. august 19046. februar 1995) var ein norsk arbeidar og politikar frå Arendal. Han representerte Aust-Agder og ArbeidarpartietStortinget frå 1954 til 1969.

Henriksen var son til ein snikkar. Sjølv var han industriarbeidar frå 1918 til 1948, bortsett frå åra 1921-27, då han arbeidde på kontor. Frå 1948 til -53 var han disponent for avisa Tiden i Arendal.

Henriksen var medlem av landsstyret i Arbeidernes Ungdomsfylking frå 1933 til -35. Han var medlem i bystyret i Arendal 1934-37 og frå 1945 til 1965. Åra 1950-53 var han varaordførar.

Hausten 1953 vart Henriksen vald inn på Stortinget frå Aust-Agder, og med attval i 1957, 1961 og 1965 vart han sitjande på Tinget til 1969. Dei fire fyrste sesjonane var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Sidan hadde han plass i Finanskomiteen, sekretær i denne i tida 1963-65.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi