Brukar:F.bendik/ Blå plakett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Blå plakett)
Plakett for Leonard og Virginia Woolf i Surrey.

Ein blå plakett er eit skilt som vert sett på ein bygning eller eit offentleg stad for å fortelja om ein kjend person eller hending som fant stad der. Ordninga stammar frå England, og er seinare teke i bruk i fleire land, blant anna Noreg. Enkelte stadar har ein lokale ordningar med plakettar i andre fargar.

Dei første blå plakettane[endre | endre wikiteksten]

Den første ordninga med plakettar vart innførd i London i 1867; dei var då mørkebrune. Den første bygningen som fekk ein plakett var Lord Byrons heim i Holles Street. Ordninga vart først administrert av Royal Society of Art si (RSA), men vart i 1901 overført til Londons grevskapsråd, og seinare til Rådet for Stor-London. Då dette rådet vart oppløyst i 1985 vart den overført til English Heritage og utvida til resten av England. RSA sette berre opp tretten plakettar; grevskapsrådet 249 og Rådet for Stor-London 262. Det er pr. 2007 meir enn 800 plakettar i London. Den eldste plaketten som er verna finne i Gerrard Street, og vart sett opp i 1875. I 1937 gjekk ein over til blåfarge.

English Heritage[endre | endre wikiteksten]

English Heritage baserer seg på nominasjonar frå allmennheten. For at det skal vera aktuelt å minnast ein person med ein plakett må det vera minst tjue år sidan personen døydde, eller hundre år sidan fødselen. Kriteria for tildeling vart avgjort i 1954, og omfattar blant anna at personen skal ha vore framtredande i samfunnet, ha gjort «viktige positive bidrag», ha hatt «eksepsjonell og framståande personlegdom» og fortena nasjonal heider.

Først i 1998 vart ordninga utvida til heile England. Den første plaketten utanfor London vart avduka i Liverpool i 2000. Det er ikkje alle byar som er med i ordninga, men mange set opp eigne plakettar.

Tidlegare tillét English Heritage meir enn ein plakett for ein person, men dette har ein slutta med. Det vert sett opp tjue nye plakettar i året.

Kontrovers[endre | endre wikiteksten]

I desember 2006 skrev The Daily Telegraph[1] at English Heritage bryt sina eigne kriterium for å kunna setja opp fleire plakettar til minne om personar med minoritetsbakgrunn. Kjende og populære personar som Eric Morecambe og Marc Bolan vart ikkje godkjent, medan nokså ukjende personar med afrikansk eller asiatisk bakgrunn fekk plakettar. Avisa underbygde sin reportasje med ein intern e-post som uttrykte at ein ynskte å «anerkjenna, respektera og feira det kulturelle mangfald i Englands arv», og andre dokument tydd på at regjeringa òg hadde vore involvert i dette. Historikaren Adam Hart-Davis uttalte at English Heritage braut kriteria for å vera politisk korrekte.

Utanfor England[endre | endre wikiteksten]

Den norske versjonen av blå plakett Foto: Helge Høifødt

I fleire andre land er det innført ordningar med blå plakettar. Dei fleste av desse vert administrert anten av den lokale offentlege forvaltinga eller av velforeninger. I Oslo verta ordninga administrert av Oslo bys vel .

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «English Heritage thinks Ignatius Sancho means more to you than Eric Morecambe». Telegraph.co.uk. 30. desember 2006. Henta 15. januar 2007.