Blåsau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blåsau
Blåsau
Blåsau
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Slekt: Pseudois
Art: Blåsau P. nayaur
Vitskapleg namn
Pseudois nayaur

Blåsau (Pseudois nayaur), også kjend som bharal, er ein partåa klovdyrart i oksefamilien frå Sentral-Asia. Han er i slekt med sau og geit, og kan reknast som ein mellomting av desse. Blåsau lever vanlegvis over tregrensa i Himalaya, frå Kashmir til vestlege delar av Mongolia.

Blåsau sett bakfrå.

Blåsau veg sjeldan over 70 kg. Pelsen er kvitaktig til gråbrun og varierer med årstidene. Blåsau har påfallande kvit akterspegel og buk. Sauen har korte bein og lange, tjukke og rette, mørkfarga horn.

Sauene lever som regel i ei høgd på 2500-5500 moh. og dannar små til ganske store flokkar. Dei et gras, lav og urter. Som regel held dei til på eller ved grassletter nær bratte klipper dei kan flykta til om dei blir truga. Dei finst sjeldan i skog. Enkeltindivid held vakt mot rovdyr som snøleopard og menneske.

Paringstida er i desember til januar. Blåsau går drektige i 160 dagar. Dei føder som regel eitt lam, av og til tvillingar, tidleg om sommaren. Lamma blir avvende når dei er eit halvt år gamle. Sauene er vaksne når dei er eit og eit halvt år.

Lokale namn for sauen er bharal, barhal, bharar og bharut på hindi, na og snaladakhi, nabospitisk, naurnepalsk og na eller gnaobhutansk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blåsau