Sentral-Asia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sentral-Asia

Sentral-Asia er den regionen i Asia som strekkjer seg frå Kaspiahavet i vest til det sentrale Kina i aust, og frå Sør-Russland i nord til Nord-India i sør.

Det finst fleire definisjonar og ingen av dei er universelt godtekne. Trass i denne usikkerheita med omsyn til å definere grensene, har området nokre viktige generelle særtrekk. Eitt av dei er at Sentral-Asia historisk har vore nært knytt til dei nomadiske folkeslaga som held til der, og Silkevegen.

I ein moderne kontekst består Sentral-Asia av fem tidlegare sovjetrepublikkar, Kasakhstan, Kirgistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan, og vidare kan ein rekne inn Afghanistan, det nordaustlege Iran, vestlege delar av Kina, Mongolia, Jammu og Kashmir i India, dei nordlege områda av Pakistan, og sørlege delar av Sibir.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. Central Asia, som lesen 27. juni 2009.