Bløding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bløding
Bleeding finger.jpg
Medisinsk namnHaemorrhagia
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-10-kode:R58
MedlinePlus000045
MeSHD006470
MeSHD006470

Bløding (medisinsk kalla hemoragi) er tap av blod frå sirkulasjonssystemet. Det kan oppstå når eit blodkar blir øydelagt internt, eller frå ein naturleg opning som vagina, munnhola eller rektum, eller frå eit kutt i huda.

Små blødingar stoppar som regel av seg sjølv ved at blodet koagulerer. Større blødingar eller problem med koaguleringa kan derimot vera alvorlege og i nokre høve livstrugande.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blödningar - 1177 Vårdguiden», www.1177.se, henta 19. juni 2020 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.