Hopp til innhald

Blakeney Point

Koordinatar: 52°58′38″N 0°58′40″E / 52.9772°N 0.9778°E / 52.9772; 0.9778
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blakeney Point
nes
Landtunga
Land  England
Kart
Blakeney Point
52°58′38″N 0°58′40″E / 52.9772°N 0.9778°E / 52.9772; 0.9778
Wikimedia Commons: Blakeney Point

Blakeney Point er ei landtunge av grus på kysten av North Norfolk nord for landsbyen Blakeney i Norfolk i England.[1] Det vert forvalta av National Trust som ein del av Blakeney naturreservat og er ein del av det særskild vakre naturområde (AONB) Norfolk Coast.

Vitjingssenteret, ein tidlegare redningsbåtstasjon

Blakeney Point går frå aust til vest ut frå klippene ved Weybourne. Lnadtunga er om lag 15,5 km lang og endrar seg kontinuerleg. Grusen samlar seg i haugar og stundom opp mot 10 meter høg. Det er estimert at det er kring 2,3 millionar kubikkmeter med grus på landtunga.[2] På vestsida har det òg danna seg sanddyner. Mellom landtunga og resten av kysten ligg det marskland. Landtunga har oppstått som følgje av kystavsetjing og dette er ein prosess som framleis pågår vestover. Vestenden av landtunga har starta å bøye seg sørover mot land.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. OS Explorer Map 24 – Norfolk Coast Central. ISBN 0-319-21726-4
  2. North Norfolk Coast av EM Bridges. The Geographical Association, s. 39 ISBN 1-899085-53-X

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Blakeney Point

52°58′38″N 0°58′40″E / 52.9772°N 0.9778°E / 52.9772; 0.9778