Blindpassasjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein blindpassasjer på ein trikk i Astrakhan i Russland.
Ein skipscontainer der 22 blindpassasjerar vart oppdaga i Seattle.

Ein blindpassasjer er ei nemning på ein person som i løyndom reiser med eit transportmiddel, som eit skip, fly, tog, lastebil eller buss.

Stundom er føremålet å kome seg frå ein plass til ein annan utan å betale for transporten. I andre tilfelle er målet å kome seg inn i eit land utan å ha lovleg visum først eller andre løyve. Blindpassasjerar skil seg frå menneskesmugling ved at blindpassasjeren må halde seg skjult for dei som er ansvarleg for transportmiddelet, som ein lastebilsjåfør, skipsmannskap eller liknande.

Tusenvis av blindpassasjerar har reist over sjø eller land dei siste hundreåra. Eit fåtal har prøvd seg som blindpassasjerar på fly, og mange som har vore blindpassasjerar har døydd under forsøket, særskild under lange flyturar. Typiske skjulestadar er lasterom, rom der bagasje vert teke vare på eller i hjulbrønnen på flyet.

Ulike land, lovar og selskap handsamar blindpassasjerar ulikt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]