Astrakhan

Koordinatar: 46°20′N 48°1′E / 46.333°N 48.017°E / 46.333; 48.017
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrakhan
Астрахань
Flagget til Astrakhan Byåpenet til Astrakhan
Flagget til Astrakhan Byvåpenet til Astrakhan


Plassering
Astrakhan is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Astrakhan oblast
Grunnlagd
Bystatus
1568
1717
Borgarmeister Sergej Bosjenov
Geografi
Flatevidd
 - By

500 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

500 200
  1 000,4 /km²
Koordinatar 46°20′N 48°1′E / 46.333°N 48.017°E / 46.333; 48.017
Høgd over havet -28 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 414000–414058
Retningsnummer (tlf) (+7)8512
Bilnummer 30
Nettstad: www.astrgorod.ru/
Treeinigheitskatedralen i Astrakhan, oppført 1576–1603.

Astrakhan (russisk Астрахань, tatarisk Ästerxan, persisk حاجیترخان, Haji-Tarkhan) er ein by i Astrakhan oblast i Russland. Byen ligg ved Volgadeltaet ved nordkysten av Kaspihavet og er administrativt senter for Astrakhan oblast. Byen hadde i 2007 om lag 500 000 innbyggjarar.

Dei sentrale kvartala i byen, som stammar frå sovjettida, består for det meste av høghus i betong. Like ved sentrum ligg fleire eldre trehus, som er bevart, men som er i ein særs forfallen tilstand. I sentrum av byen finst òg eit kreml.

Mellomalderhistorie[endre | endre wikiteksten]

Astrakhan vart opphavleg kalla As-Tarkhan, som er ei anna form av Ras Tarkhan, som tyder «Herre over alanerane». Alanerane var eit skytisk/iransk/arisk folk. Astrakhan ligg i Volgadeltaet, eit særs frodig område, som tidlegare inneheldt hovudstadane til Khazaria og Den gylne horden. Astrakhan sjølv vart først nemnd av reisande tidleg på 1200-talet som Xacitarxan. Timur Lenk brende ned byen i 1395. Mellom 1459 og 1556 var Xacitarxan hovudstad i Khanatet Astrakhan. Ruinane av denne mellomalderbusetnaden er funne att av arkeologar, 12 km oppstraums Volga frå dagens Astrakhan.

I 1556 vart khanatet erobra av Ivan den grufulle, som så bygde ei ny festning på ei bratt høgd med god utsikt over Volga. I 1569 vart Astrakhan omleira av den osmansk hæren, men byen heldt stand og tyrkarane måtte gje opp. Eit år seinare trekte Sultanen tilbake alle sine krav på byen og heile Volga var no under russisk kontroll og open for russisk trafikk. På 1600-talet vart Astrakhan utvikla som ein russisk port mot orienten. Mange handelsmenn frå Armenia, Persia, India og Khiva busette seg i byen og gav han ein multinasjonal og variert karakter.

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

I sytten månader i 1670–1671 vart Astrakhan kontrollert av Stenka Razin og kosakkane hans. I 1705 braut det ut enno eit opprør i byen mot tsaren (Bulavinopprøret), då ein kosakkhær under Kondraty Bulavin heldt byen. Fleire år før dette hadde ein kalmykisk khan utan hell prøvd å omleire kremlen i byen.

I 1711 gjorde Peter den store Astrakhan til hovudstad i eit gubernija. Han grunnla òg eit stort verft i byen på byrjinga av 1700-talet og nytta byen som base under sine krigar mod Persia. Frå 1717 var Astrakhan òg base for dei første russiske framstøyta mot Sentral-Asia.

Byen vart plyndra av persarane i 1719 og vart sterkt skadd av brannar i 1702, 1718 og 1767. Katarina den store gav seinare på 1700-talet ei rekkje viktige industrielle privilegium til byen. I 1830 omkom ein stor del av innbyggjarane i byen av ein koleraepidemi.

Kreml i Astrakhan vart oppført mellom 1580 og 1620 av stein som vart tatt frå Den gylne horden sin gamle hovudstad Sarai Berke. Dei to store katedralane i byen vart innvigd kort tid etter kvarandre, i 1700 og 1710. Arkitektane kom frå Jaroslavl og utsida av kyrkjene viser mange element frå tradisjonell russisk kyrkjearkitektur, medan det indre er heilt utført i barokk stil.

Kjende personar frå Astrakhan[endre | endre wikiteksten]

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Astrakhan