Blixprisen i Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Blixprisen i Danmark er ein kunstpris delt ut til nyutdanna kunstnarar frå Kongelige Danske Kunstakademi i København og Kunsthøgskolen i Oslo. Han blir delt ut årleg, og er på 50 000 kr.[1]

Prisen blir delt ut av Ragnvald og Ida Blix' Fond (Blixfonden eller Blixfondet), som også støtter unge biletekunstnarar med ulike legat. Fondet blei grunnlagd til minne om den norske teiknaren Ragnvald Blix (1882-1958), som budde det meste av livet i Danmark, og kona Ida Louise Christine fødd Witzke (1901-1990), som var dansk. Ida Blix oppretta fondet gjennom testamentet sitt.[2]

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

  • 1998 - Danmark: Lisa Strömbeck og Claus Handgaard Jørgensen. Noreg: Tine Blix og Christopher Rådlund
  • 1999 - Danmark: Jacob Noel.. Noreg: Per Inge Bjørlo og Sverre Bjertnæs
  • 2000 - Danmark: Marika Seidler og Michelle Eistrup. Noreg: Lage Opedal
  • 2001 - Danmark: Karena Nomi Hansen. Noreg: Ane Djuvan Winnje
  • 2002 - Danmark: Søren Lose. Noreg: Arne Borgan
  • 2003 - Danmark: AVPD (Aslak Vibæk og Peter Døssing). Noreg: Morten Slettemeås
  • 2004 - Danmark: Christina Hamre. Noreg: Espen Dietrichson
  • 2005 - Danmark: Anders Bonnesen. Noreg: Sinikka J. Olsen
  • 2006 - Danmark: Anders Bojen & Kristoffer Ørum. Noreg: Leander Djønne
  • 2007 - Danmark: Tove Storch. Noreg: Frode Markhus
  • 2008 - Danmark: Jeanette Hillig. Noreg: Serina Erfjord
  • 2009 - Danmark: Helena Hei-Sook Park. Noreg: Ayman Alazraq
  • 2010 - Danmark: Jan S. Hansen. Noreg: Arild Tveito
  • 2011 - Danmark: Kristina Steinbock. Noreg: Silje Linge Haaland
  • 2012 - Danmark: Mette Moeslund Broberg og Thomas Rathleff. Noreg: Mohamed Ali Fadlabi
  • 2013 - Danmark: Julie Sparsø Damkjær. Noreg: Endre Tveitan
  • 2014 - Danmark: Ana Pavlovic. Noreg: Ayatgali Tuleubek
  • 2015 - Danmark: Karl Isakson og Claus Spangsberg. Noreg: Amelia Beavis-Harrison
  • 2016 - Danmark: Benedikte Bjerre. Noreg: Nora Joung
  • 2017 - Danmark: Kirsten Astrup. Noreg: Morten Jensen Vågen
  • 2018 - Danmark: Emilia Bergmark. Noreg: Vilje Celin Kern Vestenfor
  • 2019 - Danmark: Iselin Toubro. Noreg: Elise Macmillan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blixprisen», Ragnvald & Ida Blix' Fond (på engelsk), henta 25. september 2019 
  2. «Ragnvald & Ida Blix' Fond», Ragnvald & Ida Blix' Fond (på engelsk), henta 25. september 2019