Blond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Portrett av ung kvinne med einhyrning, (1506) av Raffaello Sanzio syner ei ung kvinne med blondt hår.

Blond eller lyshåra er ein hårfarge som er karakterisert av låge nivå av det mørke pigmentet melanin. Resultatet er ein synleg fargetone avhengig av fleire faktorar, men han har alltid ei form for gulaktig farge. Fargen kan vere svært bleik blond (grunna ei lita spreiing av pigment) til raudleg blond eller gyllenbrun farge.

Ei kvinne med blondt hår kan kallast for blondine. Nemninga blond er ålment brukt om lyshåra personar av begge kjønn. Eit eldre uttrykk for blond hårfarge var linhår eller lingult. Blondt hår er vanlegast i Nord- og Vest-Europa med minkande frekvens austover. Nokre melanesarar har også blondt hår, dette er skulda ein lokal mutasjon uavhengig av blondt hår i Europa.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kahn, R (2012). «Gene Expression « Intelligent squid are our brothers & sisters too! Richard Dawkins accepts the usefulness of race » Case closed: blonde Melanesians understood». Discover magazine. Henta 2. november 2017. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.