Bob Charles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bob Charles
Bob Charles.JPG
Fødd 14. mars 1936
Carterton på New Zealand
Yrke golfspiller

Sir Robert James Charles (fødd 14. mars 1936) er ein newzealandsk golfspelar som har vunne meir enn 70 profesjonelle turneringar og som vart den første venstrehandsspelaren til å vinne ein major-turnering.

Charles vart i 1998 utnemnt til riddar følgjesvein av New Zealands fortjenstorden. Han vart med det adla og fekk rett til å føre tiltaleforma Sir føre namnet sitt. I dronninga si nyttårsliste for 2011 vart han utnemnt til medlem av New Zealand-ordenen. Han er òg kommandør av Order of the British Empire.