Bochum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bochum
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Bochum
Bochum is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Arnsberg
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

145,4 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

376 586
  2 600/km²
Koordinatar 51°29′0″N 7°13′0″EKoordinatar: 51°29′0″N 7°13′0″E
Høgd over havet 103 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 44701–44894
Telefon-retningsnummer 0234, 02327
Bilnummer BO
Heimeside: www.bochum.de

Bochum er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 375 000 innbyggjarar. Han ligg i Ruhr-området mellom byane Essen og Dortmund.

Bochum har sitt eige bryggeri, Moritz Fiege, som produserer pils.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Bochum vart grunnlagd på 1300-talet var byen lite viktig fram til 1800-taletkolbryting og stålindustri oppstod i Ruhr-området, og heile regionen byrja å vekse. Folketalet i Bochum vart tidobla mellom 1850 og 1890.

Under den andre verdskrigen vart byen utsett frå kraftige bombeåtak frå britiske og amerikanske bombefly. Nesten heile sentrum av byen vart øydelagd og tusenvis av innbyggjarar mista livet.

Mellom 1960 og 1980 vart alla gruvene stengd og andre industriar, som bilindustri, tok over. I 1965 vart Ruhr Universitet opna, det første universitetet i Ruhr-området og det første som vart oppretta i Tyskland etter krigen. Etter ein omfattande samfunnsreformasjon i 1975 vart Wattenscheid, ein tidlegare sjølvstendig by, ein del av storbyområdet til Bochum. Innbyggjarane i Wattenscheid protesterte til ingen nytte.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

To slott frå mellomalderen overlevde krigane på nordbreidda av elva Ruhr. Meir kjend er det tyske gruvemuseet, musikalen Starlight Express (som hadde premiere i 1988) og det nostalgiske togmuset i bydelen Dahlhausen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bochum