Bodin kyrkje
Bodin kyrkje | |
Bodin Church | |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
---|---|
Bispedøme | Sør-Hålogaland |
Prosti | Bodø Domprosti |
Sokn | Bodin |
Fellesråd | Bodø |
Stad | Bodin |
Material | Stein |
Innvigd | 1240 |
- Endringar | 1894 |
Skip | Langskip med eit mindre sideskip |
Kyrkjegard | Ved kyrkja |
Altartavle | = 1670, gjeve av Ingeborg Svendsdotter |
Wikimedia Commons: Bodin kirke | |
Bodin kyrkje er soknekyrkje for Bodin sokn i Bodø domprosti. Ho vart bygd rundt 1240 og vart påbygd i 1785 med eit tverrskip. I 1894 vart heile mellomalderdelen av kyrkja rive ned og bygd opp att i same stil. Kyrkja har steinalter frå 1300-talet og nokre treskulpturar frå seint 1400- eller tidleg 1500-tal. Kyrkja er i dag prega av interiør frå 1600- og 1700-talet. Altertavla er frå 1670, preikestolen frå 1600-talet med måleri av evangelistane på trappa opp. Desse er måla i 1754 av Gottfried Ezechiel. Elles er det 3 lysekroner frå 1760-åra i kyrkja.
Kyrkja vart restaurert i 1964. I 2002/2003 vart store arbeider gjort i samband med at kyrkja fekk nytt orgel. Kyrkja fekk nytt galleri og taket vart måla. I august 2003 vart det nye orgelet tatt i bruk. Det er eit barokkorgel bygd i Tyskland og er ein kopi av eit orgel frå 1700-talet.
Det er gudsteneste i Bodin kyrkje alle søndagar og heilagdagar. Årleg vert 40-50 par vigde i kyrkja, ho har 50-60 gravferder, om lag 180 dåp og 190 konfirmantar.
På motsett side av kyrkjegarden ligg Salten krematorium med et religionsnøytralt sermonirom.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Informasjon og bilete frå Den norske kyrkja
- Om altertavla
- Vis Bodin kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren