Bodø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bodø
By
Bodø 2006.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Bodø
Areal 14,12 km²
Folketal 40 705 (2017)
Folketettleik 2 883 / km²
Innbyggjarnamn bodøværing
Preposisjon i Bodø
Wikimedia Commons: Bodø

Bodø er ein by og administrasjonssenteret i Bodø kommune i Nordland. Byen har 40 705 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Bodø ligg nord for polarsirkelen (67° 17" N 14° 23" O) og har midnattssol frå 4. juni til 8. juli. Byen si plassering midt mellom hav og innland har gjeve han eit solid næringsgrunnlag. Det lulesamiske namnet på byen er Bådåddjo.

Bodø er ein av byane i Noreg som har hatt størst vekst sidan 1990-åra. I 2004 hadde Bodø ein vekst på 691 personar — ikkje inkludert kommunesamanslåinga med Skjerstad). Universitetet i Nordland har over 6 000 studentar.

I 2002 vart Nordlands Framtid og Nordlandsposten samansmelta til Avisa Nordland, og er i dag den einaste dagsavisa utgjeven i Bodø.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bodø by, fotografert av Axel Lindahl mellom 1880 og 1890

Bodø vart grunnlagd i 1816 då faktoriet Hundholmen fekk bystatus. Hundholmen endra då namn til Bodø. Byen var tenkt som ein handelsby for nordnorske fiskarar i staden for Bergen. Byen voks lite dei fyrste 50 åra, men eit godt årleg sildefiske frå 1865 til 1874 gav nytt vekstgrunnlag. I 1900 budde det rundt rekna 3000 menneske i Bodø.

27. mai 1940 vart størsteparten av Bodø by lagt i grus av tyske bombefly. 3500 av dei 6000 innbyggjarane vart huslause, og knapt 200 hus stod att. 15 menneske omkom, av dei 13 bodøværingar og 2 britiske soldatar.

Gjenreisinga av Bodø starta då krigen slutta i 1945 og vart erklært ferdig i 1951. Takka vera god styring og forbod mot brakkereising vart byen ein av dei best planlagde i Noreg. Ein ny stor flyplass vart opna i 1952, Bodø domkyrkje i 1957, og Bodø stasjon på Nordlandsbanen i 1962.

Det amerikanske spionflyet U-2 var på veg til Bodø då det vart skote ned over Sovjetunionen i 1960, og byen fekk ein del merksemd i verdspressa etter dette. Sjå òg U2-krisa.

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Bodø-gate i februar 2005.

Bodø er eit viktig trafikknutepunkt. Bodø lufthamn er ein stor og moderne flyplass to kilometer utanfor sentrum, med fleire daglege avgangar til Oslo og andre norske byar. Bodø er òg endestasjon for Nordlandsbanen, med dagtog og nattog mot Trondheim og lokaltog til Rognan i Saltdal (Saltenpendelen). Riksveg 80 går austover og kjem inn på E6 ved Fauske, medan Fylkesveg 17 (Kystriksvegen) tek av sørover ved Saltstraumen. To av dei lengste riksveg-ferjestrekningane i Noreg går frå Bodø til Værøy og Røst. Det er daglege bussruter frå Bodø til nord-Sverige og Narvik/Tromsø, og snøggbåtruter til Helgeland og Lofoten, Nordlandsekspressen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.