Hopp til innhald

Bogen i Ofoten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For fjorden med same namn, sjå Bogen ved Ofotfjorden.
Bogen
tettstad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Evenes
Areal 0,54 km²
Folketal 363  (2023)
Folketettleik 672 / km²
Postnummer 8533 BOGEN I OFOTEN
Kart
Bogen
68°31′35″N 16°59′34″E / 68.526464°N 16.9928°E / 68.526464; 16.9928
Wikimedia Commons: Bogen, Evenes

Bogen er ein tettstad i Evenes kommune i Nordland fylke. Tettstaden, i Norsk Allkunnebok kalla strandby, ligg ved botnen av fjordarmen Bogen. Folketalet vart i 1946 registert til 128, fordelt på 17 hus. Seinare har folketalet stige til mellom 300 og 400. Europaveg 10 passerer gjennom bygda i hovudretning aust-vest.

I delar av det 20. hundreåret var det gruvedrift i Ofoten jarnmalmgruver nær bygda. Under andre verdskrigen hadde den tyske okkupasjonsmakta flytedokk og verkstader i Bogen til vøling av skipa sine.