Hopp til innhald

Bognor Regis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bognor Regis
by
Land  England
Region West Sussex
Distrikt Arun
Areal 4,41 km²
Folketal 63 885 (2011)[1]
Postnummer PO21-22
Retningsnummer 01243
Kart
Bognor Regis
50°46′57″N 0°40′35″W / 50.782369444444°N 0.67638888888889°W / 50.782369444444; -0.67638888888889
Wikimedia Commons: Bognor Regis

Bognor Regis er ein by ved kysten av West Sussex i England.

Staden var opphavleg ein liten landsby kalla Bognor, der innbyggjarane fram til 1700-talet først og fremst levde av fiske og smugling. I løpet av 1700-talet gjorde Richard Hotham Bognor om til ein feriestad, og i løpet av dei neste hundre åra tok turisme gradvis over som viktigaste næringsvegen. I 1927 vitja Georg V staden, og som ei følgje av hans kongelege patronat vart namneleddet Regis («kongeleg») lagt til. Ei segn fortel at dei siste orda til kongen, då han fekk høyre at han snart ville vere på føtene igjen og tilbake i Bognor, var «Bugger Bognor!», det vil seie «Pokker ta Bognor!»[2][3]

Sjøsida i Bognor Regis.

Landsbyen Felpham, der diktaren William Blake ein gong budde, har vorte ein forstad til Bognor Regis.

I 1960 opna sir Billy Butlin ein av sine kjende ferieleire, Butlins Holiday Camps, i Bognor Regis. Han vart seinare kalla Southcoast World, inntil 1998 då dei fekk namnet Butlins Bognor Regis.

  1. http://www.citypopulation.de/UK-Cities.html.
  2. Roberts, Andrew (2000). Antonia Fraser, red. The House of Windsor. London: Cassell and Co. s. 36. ISBN 0-304-35406-6.
  3. Ashley, Mike (1998). The Mammoth Book of British Kings and Queens. London: Robinson Publishing. s. 699.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bognor Regis