Bokrull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bokrull

Bokrull eller skriftrull er ein rull av papyrus, pergament eller papir som ein har skrive eller teikna på. Han blei brukt til å oppbevara skrifter i før ein fann opp kodeksar og innbundne bøker, og er framleis ein del i bruk i religiøs samanheng. Mediet ein skriv på er festa mellom to rullar, og blir rulla frå den eine av dei til den andre etterkvart som ein les. Det er berre skrift på ei av sidene.

Rotulus er ein type rull som ikkje er festa på begge sider, men rulla opp på ein enkelt pinne.

Skriftrullar er i dag særleg brukte til religiøse skrifter, som torárullar, og viktige historiske dokument.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]