Papir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brunt papir
Papirlappar i Tin Hau-tempelet i Hongkong.

Papir (frå gresk pápyros, «papyrus») er eit tynt, flatt materiale som består av plantefibrar, særleg av bomull og cellulose, som er samla til ark eller rullar oghaldne saman av elektrostatiske bindingar. Fibrane kjem frå planter og er cellulose-baserte. Det vanlegaste er å bruke tre, men andre materiale som bomull, lin og hamp kan også brukast.

Papir blir først brukt og fremst til å skriva og teikna på, til trykksaker og bøker, og det er dermed ein viktig informasjonsberar i eit moderne samfunn. Papir blir òg nytta til innpakking, som formingsmateriale, tørking og tapet. Det blir dessutan brukt til å laga papp og kartong, og inngår dermed som eit lett og billeg material i ulike gjenstandar.

Å laga papir blei oppfunne i Kina før år 100, men kom til Spania først rundt 1100. Det finst i dag ei mengd papirsortar med ulike kvalitetar og nytteeigenskapar.

Papirark kjem i ulike storleikar, A4 er det vanlegaste. Andre storleikar er mellom anna A5 og A3.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Ein hadde kjennskap til skrivemateriale allereie 3000 år f.Kr frå Egypt i form av papyrus, men historia til papiret i moderne forstand tok til i Kina. Det eldste papiret ein kjenner til, utan skrift, er funne i utgravingar i Kina daterte til 100-talet f.Kr. Dette papiret blei nytta til forpakking. Det første papiret med skriven tekst er datert til ca. år 0. Den kinesiske papirframstillingsprosessen blei forbetra og på 100-talet e.Kr blei det gjort framsteg som gjorde masseproduksjon av papir mogleg. Dette papiret blei laga av bork, tøy og fiskegarn. På 200-talet e.Kr blei det vanleg å bruka papir til å skriva på. Først på 1000-talet byrja ein med produksjon av papir i Europa, i første omgang i Spania og på Sicilia.

Ei forklaring på overføringa av papiret frå Kina til den arabiske verda er slaget ved Talas i nærleiken av Samarkand i 751, då ein muslimsk hær tok nokre kinesarar som viste seg å vera papirmakarar til fange. Det skal ha vore deira kunnskap som førte papiret til Europa. Dette er mest sannsynleg ikkje historisk korrekt, for papir var allereie i produksjon i Samarkand i år 704.[1] Dei tidlegaste arabiske manuskripta på papir finst frå midten av 800-talet. Før tida til papiret kravde ei bok på to hundre små sider skinn frå tolv sauer og ein enorm arbeidsinnsats. Dei muslimske erobringane gjorde det mogleg å produsera Bibelen og andre ikkje-islamske verk til ein brøkdel av den tidlegare prisen.[2]

Papirmaterialar og -produksjon[endre | endre wikiteksten]

Treforedlingsanleggene til Saugbrugsforeningen i Halden blei grunnlagt 1859. I dag er Norske Skog Saugbrugs ein av dei største produsentane i verda av magasinpapir.

Papir består av plantefibrar som blir haldne saman av elektrostatiske bindingar. Fibrane kan vera av tre, bomull, lin (klutepapir), hamp, innerbarken frå ulike tre.

I dag blir likevel det meste papiret laga av papirmasse utvunne frå trevirke. Trehaldig papir blir tilverka frå mekaniske massar. Trefritt papir blir laga av vedflis som blir kokt med kjemikaliar i f.eks sulfat- eller sulfittprosessen. Kjemiske massar blir òg kalla cellulosefiber.

Papirmassen blir nytta som råvare i papirframstilling. Papirmassen blir fortynna med vatn og dannar ein suspensjon. Denne massesuspensjonen blir drenert gjennom ei flat sil slik at det blir danna ei matte av samanfiltra fiber. Denne fibermatta blir pressa og tørka, og blir då til papir.

No blir papir framstilt maskinelt og ein moderne papirmaskin er eit stort anlegg som kan vera rundt ti meter breitt og fleire hundre meter lang. Det finst maskinar som produserer fleire hundre tonn papir i året. Dei fleste papirmaskinar køyrer heile døgnet og blir styrt av operatørar som jobbar på skift.

Papirkvalitetar og -typar[endre | endre wikiteksten]

Papir blir selt i ulike kvalitetar, tjukkleikar (papirvekt) og storleikar. Det finst ei mengd spesialpapir med eigenskapar som er tilpassa ulik bruk. Dei kan ha ulike varenamn og fagnemningar etter bruksområde, utsjånad og kvalitetar. I handelen har ein ofte skild mellom finpapir, det vil seia finare papirsortar, og grovare pakkpapir.

Trykk- og teiknepapir blir ofte delt inn i to kategoriar, stroke og ustroke. Ustroke papir er utan bestryking, som gjev ei ruare flate. Stroke papir har ei glatt overflate. Stroke papir er basispapir som er belagt med eit lag bestryking (hovudsakleg leire, krit og bindemiddel) for å forbetra eigenskapane til papirflata. Papir kan elles vera matt eller blankt.

Papirformat[endre | endre wikiteksten]

DIN-norma si A-storleikar er vanleg standard for ferdig skore papirark i Europa. A0 tilsvarer 1 m².

Det vanlegaste, standardiserte, firkanta papirformatet i Europa i dag er A-serien. Denne blir rekna ut frå grunnformatet A0 = 841 x 1189 mm, der arealet er 1 m² og tilhøvet mellom sidene er lik kvadratrota av 2. Dette medfører at storleikstilhøvet mellom breidd og høgd blir verna når formatet blir delt i to like delar. Ved å dela grunnformatet A0 i to oppstår formatet A1, som halvert er A2, som halvert er A3 osb.

A-serien blir særleg brukt i kontorpapir.

A-serien ser slik ut (sidelengdene er oppgjevne i millimeter) :

A0 : 841 x 1189 A1 : 594 x 841 A2 : 420 x 594 A3 : 297 x 420 A4 : 210 x 297 A5 : 148 x 210 A6 : 105 x 148 A7 : 74 x 105

Effektar på miljøet[endre | endre wikiteksten]

Papirforbruket i verda har auka valdsamt med auka folketal og levestandard, særleg i den vestlege verda. I løpet av dei siste 40 åra har forbruket auka med 400 %. For å dempa pressa på råstoffressursane, har ein difor innført gjenvinning av papir og bruk av returfiber. Til trass for dette blir 35 % av alle felte tre brukt til papirproduksjon. Hogst av urskog står for mindre enn 10 % av tremassen, men er eit av dei meste kontroversielle temaa.[3]

Papiravfall står for opptil 40 % av alt avfallet som blir produsert i USA kvart år, i alt opp mot 71 600 000 tonn papiravfall per år berre i USA.[4]

Konvensjonell bleiking av tremasse med klor produserer og frigjer inn i miljøet store mengder klorerte organiske samband, inkludert klorerte dioksin.[5] Dioksin er rekna som ei vedvarande miljøgift, og blir regulert internasjonalt av Stockholmskonvensjonen om persistente organiske ureiningar. Dioksin er svært giftige, og helseeffektar på menneske inkluderer reproduktive, utviklingsmessige, immunsvekkende og hormonelle problem. Dei er også kjente for å vera kreftframkallande.

Dokument og verdipapir[endre | endre wikiteksten]

Søppelkontainer i Haag for papir som skal til resirkulering.

Ordet «papir» kan òg tyda dokument eller verdipapir, til dømes til identifikasjons- eller legitimasjonspapir, eksamenspapir, forretnings- og handelspapir, omsetnadspapir (negotiable dokument), lånepapir (gjeldsbrev) og liknande.

«Papirlaust ekteskap» er ei nemning for sambuarskap utan giftarmål og ekteskapsdokument. Eit papirlayust kontor er kontorhald nesten utan bruk av papir, men der ein i staden gjer bruk av elektroniske kommunikasjonstenester.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bosch, Gulnar (1981). Islamic Bindings & Bookmaking. Chicago: Chicago: The University of Chicago. s. 26. 
  2. Cyril Aydon: Menneskets historie (s. 115-6), forlaget Gyldendal, Oslo 2009, ISBN 978-82-05-38434-7
  3. Martin, Sam (2004). «Paper Chase». Ecology Communications, Inc. Arkivert frå originalen 2007-06-19. Henta 21. september 2007. 
  4. EPA (28. juni 2006). «General Overview of What's In America's Trash». United States Environmental Protection Agency. Henta 4. april 2012. 
  5. «Effluents from Pulp Mills using Bleaching - PSL1». ISBN 0-662-18734-2 DSS. Health Canada. 1991. Henta 21. september 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Papir