Bolmsö
Bolmsö | |||
øy | |||
Bolmsö kyrkje
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Len | Kronobergs län | ||
Kommune | Ljungby kommun | ||
Stad | Innsjøen Bolmen | ||
- koordinatar | |||
Lengd | 15 km | ||
Areal | 42 km² | ||
![]() Bolmsö | |||
Wikimedia Commons: Bolmsö | |||
Bolmsö er ei svensk innlandsøy i innsjøen Bolmen. Øya høyrer til Ljungby kommune i Kronobergs län i landskapet Småland. Med eit areal på 42 kvadratkilometer er Bolmsö den 25. største øya i Sverige og den største øya i landskapet Småland og i Kronobergs län.[1] Øya strekkjer seg om lag 15 kilometer i nord-sørleg retning, og har ei breidd på fire kilometer. Flatt/småkupert landskap på morenegrunn.
Det er brusamband frå Bollstad sentralt på Bolmsö til Tannåker på den austlege fastlandssiden av Bolmen. Det er ferjesamband vestover frå Bolmsö til Sunnaryd i Gislaved kommune.
Øya har mange oldfunn, graver frå yngre jernalder og ei skipssetjing ved Bollstad.[2] I følgje Soga om Hervor om det magiske sverdet Tyrving skulle berserkane Arngrim og Angantyr ha kome frå Bolmsö.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bolmsö» frå Wikipedia på bokmål, den 4. april 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dei 50 största öarna - Statistiska centralbyrån
- ↑ På spaning med arkeologen - Ein guide til forlämningar i Ljungby kommun, arkivert frå originalen 21. august 2010, henta 9. mai 2012