Bolsjoj Ussurijskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heixiazi/Bolsjoj Ussurijskij er vist på det innfelte kartet nede til høgre.

Heixiazi (kinesisk s=黑瞎子岛 eller Hēixiāzi Dǎo) eller Bolsjoj Ussurijskij (russisk о́стров Большо́й Уссури́йский) er ei sedimentasjonsøy der elvane Ussuri og Amur renn saman på grensa mellom Folkerepublikken Kina og Russland. Ho har eit areal på 327 til 350 km². Ho likk like ved øya Yinlong (kinesisk 银龙岛 (forenkla) 銀龍島 (tradisjonell) Yínlóng Dǎo) eller Tarabarov (russisk о́стров Тараба́ров) og over nitti småøyar (på kinesisk viser Heixiazi berre til den store øya eller til heile øygruppa). Øya ligg nær den store russiske byen Khabarovsk og er derfor strategisk viktig.

Fram til 2004 var Heixiazi/Bolsjoj Ussurijskij emne for ein grensestrid mellom Kina og Russland. Russland okkuperte Heixiazi/Bolsjoj Ussurijskij og Yinlong/Tarabarovøyane i 1929, men dette vart ikkje akseptert av Kina. Medan Russland styrte øyane som ein del av Khabarovsk kraj, kravde Kina dei som ein del av Fuyuan fylke i Heilongjiang-provinsen i den austlege delen av Kina.

14. oktober 2004 vart det underteikna ein komplementær avtale mellom Folkrerepublikken Kina og Russland om den austlege delen av grensa mellom dei to landa, der Russland godtok å gje frå seg Yinlong og rundt halvparten av Heixiazi/Bolsjoj Ussurijskij. Til gjengjeld skulle Kina fråfalle alle krav på resten av Bolsjoj Ussurijskij. I 2005 godtok den russiske dumaen og den kinesiske kongressen denne avtalen.

Avtalen er derimot ikkje godkjend av innbyggjarane på kvar side av grensa. I mai 2005 demonstrerte kosakkar i Khabarovsk mot tapet av halve Bolsjoj Ussurijskij, medan kinesisk media i Hong Kong, Taiwan og andre område utanfor dei kinesiske styresmaktene sin kontroll, kritiserte avtalen.

Regjeringa i Republikken Kina, i dag med base på Taiwan, anerkjende aldri grenseavtalen, så denne regjeringa krev framleis heile Heixiazi/Bolsjoj Ussurijskij.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]