Bombeattentatet på Oslo S

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bombeattentatet på Oslo S
Stad AustbanehallenOslo Sentralstasjon i Oslo i Noreg
Dato 2. juli 1982
Angrepsmetode Bombe
Våpen Sprengstoff
Døde 1
Skadde 11
Gjerningsperson(ar) Ein 18 år gamal mann
Mistenkt To 18 år gamle menn

Bombeattentatet på Oslo S fann stad 2. juli 1982Oslo Sentralstasjon i Oslo i Noreg då ei heimelaga bombe detonerte i ein oppbevaringsboks. 19 år gamle Elin Stoltenberg Dahl vart drepen og elleve andre vart skadd. Oppbevaringsboksane var plassert i Austbanehallen og glas og splinter hagla rundt dei reisande. Ei veke seinare fann politiet ei udetonert bombe i ein annan oppbevaringsboks på same plassen. På den udetonerte bomba fann teknikarar frå politiet eit fingeravtrykk. Ei månad seinare vart eit avisbod skoten med hagle i Oslo. To personar som køyrde frå staden, vart seinare funne på Hvaler. Mennene, som båe var 18 år gamle, vart arrestert. Då politiet fann ut at den eine av gutane hadde same fingeravtrykk som var på bomba. innrømde han at det var han som bomba Austbanehallen. Bombinga hadde ikkje politiske motiv, men mannen ynskja å presse pengar ut av Noregs statsbaner (NSB). Nokre dagar før bombinga i Austbanehallen hadde same mann òg prøvd å øydeleggje skjenegangen på Ekebergbanen med dynamitt. Mannen vart dømd til 11 år i fengsel for bombinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]