BookCrossing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

BookCrossing går ut på at ei bok blir lagt igjen kor som helst på offentlege stadar slik at andre kan finne bøkene, og lese dei. Når ein person finn ei slik bok, skal den registrerast på Internett, og på den måten er det mogleg å følgje vandringa til boka, sjå kvar den har vore og kva andre meiner om boka.

Bøker kan leggjast att absolutt overalt der det er mogleg å finne dei, frå parkbenker og venteværelse til bananhylla i ein Kiwi-butikk. Den mest kjende systemet for å gi frå seg bøker på denne måten er via nettstaden BookCrossing.com som per mai 2010 hadde over 850 000 medlemmer over heila verda. Ron Hornbaker fekk ideen for det som i dag heiter BookCrossing i mars 2001. Den 17. april 2001 lanserte Hornbaker nettstaden BookCrossing.com, som no har ekspandert over heile verda. Innan april 2003 hadde nettstadet over 113 000 medlemmer, og i 2004 blei ordet bookcrossing inkludert i Concise Oxford Dictionary.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

BookCrossing offisiell nettstad