Wikipedia:Stilmanual

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjølv om du gjerne må bruka din eigen skrivestil for å få fram ein god artikkel, har me nokre reglar for korleis artiklane på Wikipedia bør sjå ut. For ei meir utførleg skildring av korleis ein kan skriva og formatera ei side, sjå Hjelp:Endre ei side.

Standardoppsett[endre | endre wikiteksten]

Den første setninga i ein artikkel bør innehalda artikkelnamnet i feit tekst og oppsummera artikkelen, til dømes slik:

'''Stortinget''' er den lovgjevande forsamlinga i Noreg.
Stortinget er den lovgjevande forsamlinga i Noreg.

Hugs å bruka heile setningar! Wikipedia har god plass, og treng ikkje ty til telegramstil.

Lenkjebruk[endre | endre wikiteksten]

Ein kan laga lenkjer av ord eller uttrykk som er interessante eller som kan trenga ei nærare forklaring. Prøv å få til ein balanse slik at einkvar artikkel har ein del lenkjer, utan at det blir så mange av dei at dei slår kvarandre i hel. For meir, sjå Wikipedia:Korleis redigera ei side.

Bibliografiformat[endre | endre wikiteksten]

  1. Heile verk (bøker (inkl. romanar, diktsamlingar, fagbøker), avhandlingar, tidsskrift (inkludert aviser), CDar, LPar, operaer, skodespel) blir sette i kursiv.
  2. Delar av verk (noveller, essay, artiklar, songar, dikt) blir sette i «hermeteikn».

Format for ulike artikkeltypar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]