Bord i trelast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bord i trelast er trematerial skore i dimensjonar frå 12 mm x 98 mm til 32 mm x 225 mm (omtrentleg frå halv tom fire til fem kvart tom ni).

Bord skorne rett frå tømmeret blir kalla skurlast, medan justerte bord er avretta og justert til eksakte dimensjonar innanfor definerte marginar. Høvla bord kan ha glatt overflate og dei kan vere avrunde med forskjellige profilar. Trelast vert i Noreg seld og sortert i dimensjonar etter Norsk standard.

Typisk bruk av bord er panel og bordkleding.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]