Trelast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trelast er material framstilt av tømmer.

Trelast skoren rett frå tømmeret blir kalla skurlast, medan justert skurlast er avretta og justert til eksakte dimensjonar innanfor definerte marginar. Høvellast er trelast med høvla glatt overflate som er plan eller forma med forskjellige profilar.

Sortering[endre | endre wikiteksten]

Trelasttypar
Storleik Kalla
Frå 36 mm x 98 mm til 100 mm x 225 mm Planke
Frå 12 mm x 98 mm til 32 mm x 225 mm Bord
Frå 11 mm x 23 mm til 75 mm x 75 mm Rekker eller lekter
Frå 73 mm x 98 mm til 200 mm x 225 mm Firkantbjelke
Frå 9 mm x 9 mm til 58 mm x 145 mm Listverk

Trelast vert i Noreg seld og sortert i dimensjonar etter Norsk standard.

C14 vert nytta til forskalingsarbeid og i stillas.

C18 og C24 vert nytta i byggverk. Ein C24-bjelke toler om lag 10% lengre spenn (lysopning) enn ein C18-bjelke.

C30 vert nytta i takstolar. Ein C30-bjelke toler om lag 15% lengre spenn (lysopning) enn ein C18-bjelke.

C40 vart nytta mest til produksjon av limtredragarar.

Trelast vert seld i fallande lengder eller justert i 30 centimeters intervall.