Border Region
Border Region | |||
region | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Border Region 53°57′48″N 7°21′27″W / 53.963472222222°N 7.3574444444444°W | |||
Border Region på Irland med county som er med merka med grønt.
|
Border Region er ein statistisk region i Irland på NUTS-nivå III, og ein tidlegare administrativ region. Namnet på regionen viser til at han ligg langs grensa mellom Republikken Irland og Nord-Irland, som er del av Storbritannia. Regionen omfattar ikkje begge sidar av grensa, men dei irske fylka Cavan, Donegal, Leitrim, Monaghan og Sligo. Border Region dekkjer 11 516 km2, 16,4 % av totalarealet til staten, og har eit folketal på 392 837, 8,28 % av det totale folketalet i Irland.[1][2] NUTS-koden er IE041.[3]
Dei største byane i regionen er Letterkenny og Sligo, begge med folketal like over 19 000.
Tidlegare administrativ region[endre | endre wikiteksten]
Border Region var tidlegare ein administrativ region leia av Border Regional Authority, som hadde 38 innvalde representantar. Dei kom saman ein gong i månaden og blei nominerte frå dei seks lokale råda i regionen:[1]
- Donegal County Council
- Louth County Council
- Cavan County Council
- Monaghan County Council
- Sligo County Council
- Leitrim County Council
Regional Authority-ordninga blei oppløyst i 2014 og erstatta av ei med Regional Assembly.[4] Etter reforma i 2014 har regionar på NUTS-nivå III ikkje hatt noka administrativ rolle.
Utskiljing av Louth[endre | endre wikiteksten]
Under Commission Regulation (EU) 2016/2066, som blei verksam i 2018, blei County Louth overført til Mid-East Region, slik at Border Region blei redusert frå 6 til 5 county. Flyttinga hadde samanheng med Louth si plassering langs vegen mellom Dublin og Belfast og sterke økonomiske band til Stor-Dublin, sjølv om Louth har grense motl Nord- Irland. Endringa hadde fleire følgjer. County Louth hadde 24,6 % av innbyggjarane i Border-regionen, og var det nest folkerikaste fylket der, etter Donegal. Dei to største byane i regionen, Dundalk og Drogheda, blei tekne ut, og regionen mista kystslinja si mot Irskesjøen. Louth var òg det einast fylket frå Leinster i regionen.[5][6]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Irish Region Office - Regions of Ireland: Border Region Arkivert July 19, 2011, ved Wayback Machine.
- ↑ Border Regional Authority - Profile of the Region
- ↑ «Revision to the Irish NUTS2 and NUTS3 regions». cso.ie.
- ↑ (eISB), electronic Irish Statute Book. «electronic Irish Statute Book (eISB)». www.irishstatutebook.ie.
- ↑ «WDC, Revisions to NUTS Level II». Western Development Commission. Arkivert frå originalen 7. februar 2022. Henta 7. februar 2022.
- ↑ «CSO, notes on revisions to NUTS». CSO.
- Denne artikkelen bygger på «Border Region» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2022.