Borghild Niskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borghild Niskin
33194 Borghild Niskin.jpg
Fødd 19. februar 1924
Hole
Død

18. januar 2013

Yrke alpinist

Borghild Solveig Niskin (19. februar 192418. januar 2013) var ein norsk alpinist frå Hole i Buskerud. I tida 1946-56 vann ho 17 NM-titlar. Ho vart som fyrste kvinne tildelt Holmenkollmedaljen i 1956.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Borghild Niskin, fødd Hansen på Sollihøgda i Hole, tok sitt fyrste noregsmeisterskap då ho i 1946 vann den fyrste av fem norske meistertitlar i slalåm. Ho debuterte i olympiske leikar under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, der ho saman med Laila Schou Nilsen utgjorde Noregs kvinnelag. Hennar beste plassering var ein 19. plass. Betre gjekk det ikkje i VM 1950 i Aspen, der ho kom på 23. plass i utfor. Under OL 1952 på heimebane i Oslo vart ho beste norske deltakar med sjetteplass i storslalåm.

Etter gode prestasjonar i alpin-VM 1954 i Åre, der ho vart nummer åtte i utfor og i kombinasjonen, fylgde ho opp med sine beste resultat under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Med åtte tidels sekundar opp til bronsevinnaren Thea Hochleitner vart ho nummer sju i storslalåm. Tidene frå dei olympiske tevlingane i slalåm og utfor vart rekna saman som ei VM-øving i kombinasjon; her kom Niskin på femteplass. OL-sesongen 1956, hennar siste sesong, vart avslutta med at ho tok sitt sjuande NM-gull i utfor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]