Borgundtunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borgundtunnelen
Veg E16 (Sogn og Fjordane)
Lengd 3 053
Opna 2004


Borgundtunnelen er ein tunnel på europaveg 16 i Lærdal kommune. Tunnelen er 3053 meter lang og går mellom Øygard og Lo i Borgund forbi Vindhella.

Det første påhogget til tunnelen ved Øygard vart gjort i 2001, i samband med bygginga av Øygardsbrui (74 meter), som leiar rett inn i tunnelen. Då brua var ferdig, heldt bygginga av tunnelen fram i september 2002, gjennomslaget var i juni 2003 og tunnelen vart opna 6. juli 2004. Den erstatta eit smalt og svinga veiparti i Lærdalen. Saman med Seltatunnelen (opna 2003) korta Borgundtunnelen inn vegen med 5 km.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]


Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]