Europaveg 16

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
E16

Europaveg 16 (E 16) er ein europaveg som går mellom Londonderry i Nord-Irland i Storbritannia, over Bergen og til Gävle i Sverige, med arm frå Hønefoss til kryss med europaveg 18 i Sandvika i Bærum, der endepunktet for E 16 låg tidlegare. Vegen er kring 1180 kilometer, inkludert 190 kilometer i Storbritannia, 630 km i Noreg og 360 kilometer i Sverige. I Storbritannia er korkje E 16 eller andre europavegar skilta som europavegar, men etter eit nasjonalt system.

Den lengste vegtunnelen i verda, Lærdalstunnelen med ei lengd på 24 509 meter, ligg på E16. Det gjer òg den over 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen, den nest lengste i Noreg. Mellom Gudvangen og Lærdal er det 51,5 km, og av det 43,0 km i tunnel.

Mellom Bergen og Åsane delar vegen trasé med europaveg 39 og eit lite stykke nord for Belfast med europaveg 18.

Trasé fastlagt av UNECE: Londonderry - Belfast ... Glasgow - Edinburgh ... Bergen - Fagernes - Oslo. I Noreg er E16 skilta mellom Bergen og Riksåsen i Kongsvinger (inkludert arm frå Hønefoss over Sollihøgda til Bærum). Etter omskilting hausten 2012 er delar av tidlegare riksveg 35, riksveg 2 og riksveg 200 del av nye E16 til grensa.[1]

  • Det går ikkje ferje Belfast-Glasgow. Alternativ ferje er Belfast - Stranraer (Stena Line, 1,5-3 timer, 9 turar/dag).
  • Det går ikkje ferje Edinburgh-Bergen, heller ikkje mellom Newcastle-Bergen

Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Bro over Clyde i Glasgow
Foto: Finlay McWalter
Nygardstangen i Bergen møtes , og Europaveg 16.
i Aurland
Foto: John Erling Blad
Lærdalstunnelen frå sør
Filefjell ved Kyrkjestølane sett mot vest.
For meir om dette emnet, sjå Europaveg 16 i Noreg.
Det britiske flagget Storbritannia
Flagget til Nord-Irland Nord-Irland
trasé stad knutepunkt merknad
A6 Londonderry
motorveg M22 Randalstown
M2 Antrim
Newtownabbey E18 A8 felles trasé til Belfast
motorveg slutt Belfast E16 A12 ingen samband til Glasgow
Flagget til Skottland Skottland
trasé stad knutepunkt merknad
A8 Greenock E5 felles trasé til Glasgow
motorveg M8 Paisley
motorveg slutt A8 Glasgow E5 M73
motorveg M8 Motherwell-Newhouse
motorveg slutt Edinburgh E15 A720 utan ferjesamband med Bergen
Flagget til Noreg Noreg
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
Europaveg 16 Bergen
Nygardstangen i Bergen E39 felles trasé til Vågsbotn
tunnel Fløyfjellstunnelen to løp, 3195 og 3825 m
motorveg Eidsvåg
motorveg slutt Åsane
Vågsbotn i Åsane E39
tunnel Arnanipatunnelen 2133 m
tunnel Stavenestunnelen 2771 m
tunnel Bogetunnelen 2036 m
Voss
tunnel Gudvangatunnelen 11 428 m
tunnel Flenjatunnelen 5 053 m
tunnel Lærdalstunnelen 24 509 m
tunnel Borgundtunnelen 3 053 m
tunnel Tuftåstunnelen 2000 m
Filefjell info det høgaste punktet på vegen, 1004 moh.
Hønefoss arm til Sandvika E18
motorveg Oslo lufthamn, Gardermoen
Herva i Ullensaker E6 felles trase til Køfta
motorveg slutt Kløfta E6
riksgrense Riksåsen i Kongsvinger
Flagget til Sverige Sverige
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
Torsby E45
Malung E45
Falun 5069
Gävle E4

Forlenginga[endre | endre wikiteksten]

Oppgavleg enda E 16 i Sandvika, men det vart fremja ynske for UNECE i Genève frå norsk og svensk hald om å forlenge vegen til Gävle i Sverige (via Oslo lufthamn, Gardermoen og Kongsvinger), gjennom omklassifisering av eksisterande veger (Europaveg 16, Europaveg 16, Europaveg 16, Europaveg 16. Desse strekninga vart omskilta i 2012 slik at E16 kryssar riksgrensa og endar i Gävle. Det gamle endepunktet i Sandvika er no ei arm på E16.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]