Borjana Krišto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borjana Krišto

Fødd13. august 1961 (62 år)
Livno
Statsborgar avBosnia-Hercegovina
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Banja Luka
Alle verv
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (2007–2007)
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (2011–2019)
  • President of the Federation of Bosnia and Herzegovina (2007–2011)
  • Member of the House of Peoples of Bosnia and Herzegovina (2011–2014)
  • Member of the House of Representatives of Bosnia and Herzegovina (2014–2022)
  • Lederen av Bosnia-Hercegovinas ministerråd (2023–) Sjå dette på Wikidata

Borjana Krišto (fødd 13. august 1961) er ein bosnisk kroatisk politikar som har vore statsminister i Bosnia-Hercegovina sidan 25. januar 2023. Ho var tidlegare, frå 2007 til 2011, president i føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Ho var den første kvinna i begge desse stillingane.

Krišto er utdanna jurist ved Universitetet i Banja Luka. Etter valet i Bosnia i 2006 blei ho president i Bosnia-Hercegovina-føderasjonen frå februar 2007, eit embete ho hadde fram til mars 2011. I juni 2011 var ho ein av kandidatane til valet som leiar for ministerrådet, men ho blei ikkje vald.

Krišto har sidan 1995 vore medlem av Den kroatiske demokratiske unionen i Bosnia-Hercegovina og ho var kandidaten til partiet til presidentskapet både i 2010 og i 2022, men lykkast ikkje i å bli vald i nokon av desse vala.

I januar 2023, etter det bosniske valet i desember 2022, blei Krišto føreslegen som leiar for ministerrådet og ho blei godkjend av nasjonalforsamlinga i landet. Ho avløyste Zoran Tegeltija.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Krišto vaks opp i Livno og har vidaregåande utdanning i økonomi og universitetsutdanning i juss. Ho tok embetseksamen i juss i Sarajevo.[1] Ho arbeidde i jussavdelinga i ulike føretal: Agro Livno (1987–1988), Guber Livno (1990–1991), Likom Livno (1991–1992) og Livno bus (1995–1999).[1]

I 1995 gjekk Krišto inn i Den kroatiske demokratiske unionen og starta den politiske karrieren sin. Ho vart nestleiar i partiet i 2007.[2] Ho var justisminister i Kanton 10 (ein av delstatane i Bosnia-Hercegovina) frå 1999 til 2000 og sekretær for delstatsregjeringa til 2002. I 2002 blei ho vald inn i Representanthuset, men ho tok ikkje sete der fordi ho blei utnemnd til justisminister i landet. I 2006 blei ho attvald til Representanthuset, og ho blei også vald inn i parlamentarikarforsamlinga i Europarådet. Ho trekte seg frå begge desse postane då ho blei vald til president for Bosnia-Hercegovina-føderasjonen 22. februar 2007.[3] Ho var president fram til 17. mars 2011, då ho blei etterfølgd av Živko Budimir.[4]

Ved valet i 2010 stilte Krišto som kroatisk kandidat til presidentskapen, men ho fekk berre 19,74 % av røystene mot sosialdemokratane sin kandidat, Željko Komšić, som fekk 60,61 %.[5] Etter dette valet var ho representant i Folkets hus (det andre kammeret i parlamentet i Bosnia-Hercegovina).

Ved valet i 2014 blei Krišto nok ein gong vald inn i Representanthuset, og ho blei attvald i 2018. I 2022 stilte ho som Den kroatiske demokratiske unionen sin kandidat til presidentskapen. Ved valet 2. oktober 2022 tapte ho for den sitjande bosnisk-kroatiske sosialdemokraten Željko Komšić. Komšić fekk 55,80 % av røystene mot Krišto sine 44,20 %.[6]

Etter valet i 2022 blei det semje om ein koalisjon mellom Alliansen av uavhengige sosialdemokratar, Den kroatiske demokratiske unionen og Det sosialdemokratiske partiet for å danne ei regjering med Borjana Krišto som leiar for ministerrådet.[7] Ho blei offisielt nominert 22. desember og Representanthuset godkjende utnemninga 28. desember 2022. Ministerrådet tiltredde 25. januar 2023.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Borjana Krišto». imovinapoliticara.cin.ba (på bosnisk). Henta 16. desember 2022. 
  2. «Biografija». 7. april 2014. Arkivert frå originalen 7. april 2014. Henta 17. juli 2023. 
  3. «Borjana Krišto iz HDZ-a predsjednica Federacije BiH». dnevnik.hr. 22. februar 2007. 
  4. «Životopis». President of the Federation of Bosnia and Herzegovina. Arkivert frå originalen 19. april 2012. Henta 17. juli 2023. 
  5. «Potvrđeni rezultati Općih izbora 2010. godine: Predsjedništvo BiH - Hrvatski član». Central Election Committee of BiH. 
  6. «Bećirović dobio 116 hiljada glasova više od Izetbegovića, a Cvijanović sama više od svojih protukandidata skupa». Klix.ba. 23. oktober 2022. 
  7. «'Osmorka', HDZ BiH i SNSD potpisali 'historijski' sporazum». Al Jazeera Balkans. 15. desember 2022. 
  8. «BosniaFinally Forms State-Level Government». Balkan Insight. 25. januar 2023.