Borrefunnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borrefunnet, restar frå ei skipsgrav frå vikingtida, blei gjort i Borreparken i Vestfold 1852.
Foto: Hans A. Rosbach, 2010

Borrefunnet er eit funn frå 1852 av restane av ei norsk skipsgrav frå vikingtida.

Funnet vart gjort då ein grov ut ein av Borrehaugane i Vestfold fylke, som er eitt av dei største gravfelta i Noreg. I haugen låg eit skip på 17-20 meter, men av di haugen for det meste var av sand hadde det meste av tre og jernsaker i skipet og i grava vorte øydelagt. Bak i båten vart det gjort funn av mellom anna metallstykke til køyre- og rideutstur, og bein av ein hund og tre hestar. Etter dei funne restane har ein kunne datert funnet tilbake til tidleg på 900-talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Borrehaugane, også kalla Borreparken og Nasjonalparken
  • Borrestilen, underkategori av den norrøne dyreornamentikken

Kjelder[endre | endre wikiteksten]