Vestfold fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestfold fylke
fylke
fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Adm.senter Tønsberg
Areal 2 224 km²
 - land 2 157 km²
 - vatn 67 km²
Folketal 249 058 (1. januar 2018)
Folketettleik 115 / km²
Målform bokmål
Fylkesmann Per Arne Olsen
Fylkesordførar Rune Hogsnes (H)
Fylkesnummer 07
Norway Counties Vestfold Position.svg
Wikimedia Commons: Vestfold
Nettstad: www.vfk.no

Vestfold er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord og nordvest til Buskerud og i vest til Telemark. Fylket er det nest minste i Noreg i areal, men er det fylket med den tredje høgaste folketettleiken i landet. Den største byen i fylket er Sandefjord. Setet for fylkesmannen og fylkestinget ligg i Tønsberg.

Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og blei godkjent ved kongeleg resolusjon 30. januar 1970. Motivet er på raud grunn ei gull kongekrone, som skal vise til sambandet fylket har til kongeætta. Fylkesblomen til Vestfold er bøk og fylkessteinen er larvikitt.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Vestfold har eit rikt dyre- og planteliv grunna tilhøva attmed Oslofjorden. I Vestfold er det 110 område og objekt som er verna etter naturvernloven. Områda utgjer til saman om lag 1,5 prosent av det totale arealet i fylket.[1] Over halvparten av Vestfold er dekt av skog. Vestfold har ein øyrik skjergard med over 500 store og småe øyar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vestfold har enkle terrengtilhøve og liten utstrekning og det gjer klimaet einsarta.

Den rådande vinden er nordaustleg om vinteren, og sørvestleg om sommaren. Den sommarlege sjøvinden kan verte ganske sterk og ofte nå kuling styrke i ytre strøk. Februar er den kaldaste månaden i heile fylket, og ved kysten er middeltemperatur kring –1 °C, medan han lengre inne i fylket går ned til kring –5 °C. For juli er middeltemperaturen 16–17 °C.

Årsnedbøren varierer frå kring 700 mm ytst på kysten til opp mot 1200 mm i indre strøk. Mest nedbør kjem det gjerne på ettersomaren, medan det er lite nedbør på våren og forsommaren. Om vinteren får typisk områda nær kysten meir snø enn område aust for Oslofjorden. Kysten har òg ein del tåke, mest om våren. Tåke er observert i kring 3-5 % av observasjonane.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform
0701 Horten kommune Horten Horten 000000000027317.000000000027 317 000000000000070.000000000070 bokmål
0704 Tønsberg kommune Tønsberg Tønsberg 000000000045360.000000000045 360 000000000000111.0000000000111 bokmål
0710 Sandefjord kommune Sandefjord Sandefjord 000000000062615.000000000062 615 000000000000421.0000000000421 bokmål
0711 Svelvik kommune Svelvik Svelvik 000000000006672.00000000006 672 000000000000058.000000000058 bokmål
0712 Larvik kommune Larvik Larvik 000000000046801.000000000046 801 000000000000813.0000000000813 bokmål
0713 Sande kommune Sande Sande 000000000009726.00000000009 726 000000000000178.0000000000178 bokmål
0715 Holmestrand kommune Holmestrand Holmestrand 000000000014212.000000000014 212 000000000000249.0000000000249 bokmål
0716 Re kommune Re Revetal 000000000009621.00000000009 621 000000000000225.0000000000225 bokmål
0729 Færder kommune Færder Borgheim 000000000026734.000000000026 734 000000000000100.0000000000100 bokmål
Totalt Vestfold våpen.svg Vestfold Tønsberg 000000000249058.0000000000249 058 000000000002224.00000000002 224 bokmål

Tidlegare inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare futedøme (fogderi)[endre | endre wikiteksten]

Futedøme (Fogderi)

Tidlegare futedøme

  • ██  Jarlsberg

Andebu, Hof, Holmestrand, Horten, Nøtterøy, Re, Sande, Stokke, Svelvik, Tjøme og Tønsberg

  • ██  Larvik

Lardal, Larvik og Sandefjord

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Ved Stortingsvalet i 2009 vart fylgjande sju representantar vald inn på Vestfoldbenken i Stortinget for perioden 2009-2013:

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Til Østfold[endre | endre wikiteksten]

Frå Tønsberg kan ein kome seg over Oslofjorden til Østfold på 35 min. Flybåten går nemleg frå Tønsberg kai til Fredrikstad (Engelsviken).

Ein kan ogso ta Bastø-Fosen frå Horten til Moss som går kvar halvtime 18 timar i døgnet, og er Noregs mest traffikerte ferjesamband.

Landbruk[endre | endre wikiteksten]

Av Vestfolds totalreal er tjue prosent jordbruksareal, som det høgaste talet i Noreg. Landbruket i Vestfold skapar kvart år verdiar for over ein miliard kronar.

Nesten samtlege erter som vert dyrka i Noreg kjem frå Vestfold, medan femten prosent av dei norske jordbæra vert dyrka i dette fylket. Ti prosent av Noregs morellar vert modna i Vestfold.

23 prosent av alt norsk matkorn vert produsert i Vestfold, medan 23 prosent av Noregs grønsaker og tretti prosent av landets økologiske grønsaker vert produsert i det same fylket.

Potetar, grønsaker, frukt og bær dekkjer berre åtte prosent av fylkets arealar, men utgjer meir enn halvparten av samla fyrstehandsverdi av planteproduksjonen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk er Vestfold særleg kjend for ei stor mengd gravrøyser frå bronsealderen, viktige funn av vikingskip, og for det første bysamfunnet i Noreg, Kaupang i Tjølling, aust for Larvik. Fylket har òg ein av dei eldste noverande byane i landet, Tønsberg. I nyare historie har særleg skipsfart og kvalfangst i Sørishavet vore viktig.

Vikingtida[endre | endre wikiteksten]

800-talet var det seinare norske riksområdet samansett av om lag 30 smårike. Vestfold utgjorde då, saman med Lier og Eiker i Buskerud, eit eige kongedøme, og lokale høvdingar hadde etablert eit dynasti som seinare kunne samle Noreg til eitt rike. Familien til Harald Hårfagre, den første kongen i Noreg, kom i frå Vestfold.

Nyare historisk forsking sår tvil om dette, og meiner riket til Harald Hårfagre hadde basis på Vestlandet. Ein stiller spørsmål om ikkje småkongane i Vestfold og resten av Viken, i langt større grad enn Snorre gjev inntrykk av, var vasallar under den danske kongen. Dei frankiske riksannalane frå 813 opplyser at to danske kongar, Harald og Reginfred, søner av kong Godfred av Danmark, drog med hæren sin ad Westarfoldam til Vestfold for å slå ned eit opprør. Vestfold er skildra som plassert i den nordvestlegaste delen av riket deira.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vestfoldstatistikk
  2. http://arkeologi.blogspot.com/2006/11/mellom-danmark-og-normanna-land.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Historie og kultur[endre | endre wikiteksten]